Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn

Velkommen til Linuxlars privat

Fritid og utvikling

Dette er min private del av Linuxlars som vert nytta til ulike hobby og fritids-prosjekt.

Eg er for tida i ein prosess der eg skal starte opp for meg sjølv, difor har eg også starta opp linuxlars.no som vill vere ei kommersiell side for meg som næringsdrivande.

Innhaldet her på linuxlars.net vill vere som før, til privat bruk og tilgjengeleg for alle som ønskjer å ta turen innom her.

Du er også hjarteleg velkommen til å ta turen innom Linuxlars.no

vev adresse: linuxlars.no

Hovudkategoriar

Tre ulike hovudkategoriar

Meir informasjon og artiklar for kvar av dei ulike kategoriane finn ein med å vele ein av kategoriane under

Lars

Ein synder frelst av Guds nåde i trua på Jesus Kristus


-Og den personen som skriv og legg ut innhaldet her.

Eg er ein kreativ bygdeoriginal som ønskjer å nytta free open source og dei moglegheitene som det gir til det beste for samfunnet rundt meg. Med å synleggjere kristen verksemd og norsk kulturhistorie gjennom denne nettstaden håper eg at det kan vere med å løfte fram det gode i samfunnet vårt, på verds veven.

Det er i dag fleire store aktørar som spreier vald, tortur og anna umoral, for fortenesta si skuld, via sine nettstader. Det er med å påverke enkelt personar og samfunn i ein negativ retning.

Eg ønskjer ikkje å vere avhengig av verksemda frå slike aktører for å dele informasjon. Difor har eg her ein uavhengig nettstad, på eigen server.