Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn

Åttæringen: Rakett

Om båtbyggjaren, Ellend, frå den veglause garden Geithus

Publisert: 26. november 2019 20:37
Teksten handler om: Kultur

Geithus er ein av gardane som framleis er utan veg, der den ligg langs Sognefjorden lengst vest i Vik kommune. For mens fylkesveg 92 stoppar på Nese i Arnafjord, fortsett kommunen og gardane ut Arnafjord og vidare langs Sognefjorden. Her finn ein fleire små grender eller gardar i strekningi Arnafjord – Ortnevik. Dette er mogleg å både sjå og oppleve med å ta den lokale rutebåten Tansøy som køyrer forbi tre dagar i veka; måndag, onsdag og fredag.

Ein av desse veglause gardane mellom Arnafjord og Ortnevik er Geithus. Denne garden er delt opp i to partar og Per Olav Geithus, som eg møtte då eg filma, eig den eine parten. Sjølv har han vokse opp her, men bur i dag saman med familien i Vik. Han fortel at, når han var unge, var dei to relativt store familiar som veks opp på kvar av gardane og slik har det vore gjennom mange generasjonar. I dag er det ingen fastbuande att, men husa og eigedommane vert teke vare på og nytta til fritidseigedomar av dei som hadde sin barndom og oppvekst her.

Geithus er ein svært vakker stad der den vetle grenda eller garden ligg langs Sognefjorden. I desse særdeles flotte omgjevnadane, frå naturen si side, finn ein fine gamle hus, løe, bakkar, to store naust og eigen kai.

Ein annan person som hadde sinn oppvekst og budde heile livet på Geitus, var Ellend Geithus. Han vart aldri gift og levde som ungkar i ei lita stova som framleis står på garden i dag. No er det som dei kalla «Ellend Huset» restaurert og har fått nye eigarar.

Ellend levde nok ganske så fattigsleg i forhold til kva me er vand med i dag, for det var svært enkle kår her langs Sognefjorden i hans levetid. Likevel hadde han ei lita stove på heimgarden og i kjellaren hadde han nokre sauer. I tillegg til sauene dreiv han nok med litt fiske inni mellom, kanskje mest for maten si skuld. For det som var hovudinntekta, yrke og verksemda hans var båtbygging, noko han dreiv med i omlag 50 år frå rundt 1850 talet og fram til han døde i 1900. Sjølv om ein ikkje fekk godt betalt for ein båt på den tida, var det nesten nok til å livberge seg og dekke utgifter. Men for å ha nok mat var husdyrhald og småfiske nødvendig, i tillegg til jobben som båtbyggar.

For å bygge ein trebåt som Sognebåten krev det at båtbyggjaren kan sitt fag. For å meistre dette faget må ein gå i lære. Kvar Ellend gjekk i båtbyggjarlære veit ein ikkje sikkert, men ein veit at han bygde svært gode Sognebåtar. For å bygge ein slik båt måtte ein både vite kva trevirke som var høveleg, korleis ein skulle utføre arbeidet, i tillegg vite kva teknikkar og reglar ein møtte følgje for at det skulle verta ein ekte Sognebåt. Teikningar var ikkje vanleg, men reglar og tradisjonar fekk ein hjå den ein gjekk i lære hjå. Elles vart det meste forarbeidet til i hovudet på den som laga båten. Å lage ein Sognebåt, tok omlag 3 – 6 månader for ein person som kunne dette. Storleik og anna spelte så klart inn på kor lang tid det ville ta. Det å lage ein god Sognebåt stilte dermed krav om både kunnskap og dugleik av båtbyggjaren.

Før ein skulle lage ein Sognebåt, måtte ein planleggje; først og fremst måtte ein få tak i nok høveleg material til å bygge båten. Fordi Ellend, og andre som dreiv med liknande verksemd, budde på ein liten stad utan naturleg førekomst av høveleg trevirke, reiste båtbyggjaren dit båten skulle byggjast. Då vart han buande hjå dei som skulle betale for båten dei månadane det tok å bygge båten. Spesielt i tida før motoren kom var dette enklaste løysing. Alternativet var å ro eller sigla med trevirket på slep over lange strekningar.

Ellend laga nok båtar mange stadar i Sognefjorden, men i dag veit ein ikkje kor mange båtar eller kor mange stadar han har vore å laga båt. I dag er det omlag 120 år sidan Elling gjekk bort og dei aller fleste av båtane han laga er i løpet av den tida, diverre, gått tapt.

Rundt 1900 kom dei aller første motorane her til lands og 1905 starta den norske produksjonen av båtmotorar. Sognebåtane som Ellend og andre tradisjonelle båtbyggjarar hadde laga var i bruke i mange tiår også etter at dei første motorane kom. For det tok lang tid før «alle» hadde motor. Men då motoren kom, vart mange av desse flotte båtane etter kvart liggjande ubrukt og til slutt rotne.

Sognebåtane var i tre storleikar færing, seksæring og åttæring.

Ein av dei større båtane Elling laga, ein åttæring som var på garden Geithus, vart ombygd tidleg på 1960 -talet. Den fekk då eit overbygg, vart forsterka med glasfiber, fekk ein 8 hk SABB -diesel, etter kvart ein 10 hk SABB -diesel og fekk namnet «Rakett». Med namnet «Rakett» fekk åttæringen, som Elling laga i siste halvdel av 1800, eit nytt liv og den var i bruk heilt fram til etter år 2000. Den var, etter ombygginga, for det meste nytta til skyssbåt for dei som budde på Geithus. Dagleg og gjennom mange år vart ungane i den vetle grenda frakta til og frå skulen med denne båten. I tillegg vart den nytta vist ein skulle til butikken eller andre ærend, både til Arnafjord, Vik, Balestrand eller enda lengre.

Personar utan kjennskap til livet på ein slik liten veglaus gard, vill kanskje spørje om kvifor dei tok ein slik flott gammal trebåt og bygde den om på denne måten.

Det var ikkje berre på Geithus dei gjorde dette, men svært mange båtar som tidlegare vart bygd for ro eller sigl til framdrift vart med tida, etter at motoren vart tilgjengeleg, ombygd og forsterka slik at desse båtane kunne bli nytta vidare med motor. Det var rett og slett gjenbruk av dei resursane ein hadde.

Budde ein på ein liten veglaus gard liknande Geithus med mange ungar som måtte til skulen kvar dag, då måtte ein vere kreativ for å finne løysingar. Då kunne det å modernisere ein gammal åttæring på den måten som ein har gjort med «Rakett» vere ein god løysing som løyste mange utfordringar. Og ganske riktig den gamle åttæringen var til stor hjelp for alle på Geithus i mange, mange år.

I våre dagar med overforbruk og store miljøutfordringar er gjenbruk av den gamle båten heller eit døme ein kan lære av. For dette viser korleis ein kan nytta dei resursane ein har til rådvelde, på nye måtar.

I tillegg til «Rakett» er det også ein annan av båtane Ellend Geithus laga som er teke vare på. Det er ein seksæring Sognebåt også kalla kyrkjebåt. For mens færingen var båt storleiken ein nytta mest til kvardags var seksæring den båten ein nytta ved spesielle høve når fleire personar eller annan last skulle fraktast. Eit slikt spesielt høve var kvar sundag, når heile familen skulle til kyrkja. Difor namnet kyrkjebåt.

Seksæring’en eller kyrkjebåten som er at etter Ellend er i orginal stand og er utstilt på Kristianhus med eige styre-ror, sigl og årer. Denne kan ein sjå og finne meir informasjon om, visst ein besøkjer Kristianhus.


Skrive av: lars