Trygg og kreativ formidling

Kristianhus

Kristin Otterskred's Motorsamling

Publisert: 8. januar 2019 17:30
Teksten handler om: Kultur

På kaien i Vik, rett bortanfor «naustrekka» står det eit bygg, oppført som eit digert naust som vert kalla Kristianhus. Bygningen er oppkalla etter Kristian Otterskred som dei siste tjuve åra har stilt ut si store samling, faktisk Noregs største, med båtmotorar.

Det er absolutt anbefalt å besøka dette museums -naustet vist du skal besøkje Vikøyri, sentrum i Vik kommune. Her kan du kan få oppleve levande historie fortalt av over 80 år gamle Kristian Otterskred på ein svært levande og interessant måte.

Kristian Otterskred er frå Arnafjord i Vik kommune der han også i dag bur og lever ein aktiv alderdom litt utanom det vanlege i 2019.

I sin ungdom gjorde han som så mange andre ungdommar måtte her på Vestlandet, både før og etter andre verdskrig. Han reiste til sjøs allereie som 15 åring. Fram til då hadde han vakse opp på ein liten husmannsplass i Arnafjord.
For tidlegare så var det jo slik at etter kvart som ungdomane veks til så måtte dei så snart som råd finna seg noko å jobba med og tene pengar sjølv.

Det var ofte slik på små gardar og husmannsplassar at ungdommane ikkje kunne fortsette å bu heime etter ferdig skulegang. Og fram til 9 -åring skulegang vart innført i 1969 så var dei aller fleste ferdig med alt av skule i konfirmasjonsalder, som er det året ein fyller 15.

For før ein fekk 9 år skule i Noreg, hadde ein berre 7 år skule, og av den grunn fekk nok ordet konfirmasjonsalder ein mykje større tyngde enn ordet har i dag.
Og spesielt når ein kom frå trongare kår på ein liten stad så var det sjølvsagt at etter ein var konfirmert, då vart ein også rekna som vaksen. Og med det måtte ein ut frå heimen for å finna seg eit arbeid.

Trongare økonomiske kår enn det me som er av yngre generasjonar er vande med, var årsaka til at mange ungdommar, i hovudsak gutar reise frå heimplassen og til sjøs alerreie når dei var 15. Då var ofte det å reise til sjøs ein vanleg måte å starte yrkeslivet, spesielt her på Vestlandet. Dette har vore vanleg i mange tidlegare generasjonar og ein av dei som var med på dette er Kristian Otterskred.

På sjøen fann Kristian seg fort til rette på dei ulike båtane, og han var også den gong flink å komme i kontakt med folk og kom i prat med mange ulike personar opp gjennom. Blant anna var han saman med fleire av dei tidlegare krigsseglarane og såg korleis krigen prega fleire av dei i åra etter krigen.
Men han passa også bra til sjømanns -arbeidet og var ein resurssterk person, både når det gjaldt arbeid og når det gjaldt det sosiale.
Dette må nok dei som var eldre og meir erfarne ha lagd merke til for han avanserte relativt raskt i gradene og allereie som 22 -åring var han båtsmann.

I løpet av desse fyrste åra av yrkeslivet, frå han var 15 -år reiste Kristian på utanriksfart, og på den måten fekk han allereie som ung mann vere med å sjå store delar av verda.
Han fekk vera med å seila langs både aust og vest -kysten av USA og Sør -Amerika. Han var både aust og vest langs Afrika’s kyst og han var innom mange av dei forskjellige landa og øygruppene som er i Asia. Og sjølvsagt var han med innom dei store hamnene i Europa. I tillegg reiste han jo over store avstandar på dei ulike verdshava for å komme dit dei skulle.

På den tida var det ofte korte stopp i mange ulike hamner, og dei som var med fekk oppleve ulike folkeslag, kulturar og lokale skikkar. Både under gode og til tider ikkje like gode forhold.

Samtidig som Kristian fekk vere med å reise i store delar av verda fortsette han å avansere ombord på båtane han jobba på og etter ei stund kom han seg inn på styrmann -skulen og til slutt enda han opp som skipar.

Men i løpet av åra etter krigen vart norsk og internasjonal skipsfart endra på mange ulike måtar. Blant anna vart det relativt litle reiarlaget som Kristian reiste med i 15 av dei åra han var med på utanriksfart, Leif Eiriksen i Bergen, oppløyst.

Både strukturen på kva reiarlag som etter kvart vann fram, men også måten ein reiste med godsfrakt og kva type båtar ein nytta vart opp gjennom etterkrigstida endra kraftig. Samtidig som Noreg vart eit rikare land så fann fleire og fleire av dei store reiarlaga ut at det vart meir lønnsamt å bruke arbeidskraft frå land der ein kunne henta billigare arbeidskraft.

Men også det at Noreg trengde arbeidskraft på oljeinstallasjonar, fekk mang ein sjømann til å endra arbeidsplass frå utanriksfart til boreriggar, supplybåtar og andre oljerelaterte fartøy enn den tidlegare utanriksfarten. Og så klart spelte både lønningar for sjømennene og kven dei ulike selskapa innan shipping og oljeindustri ønskja å ansette ei stor rolle.

For Kristian sin del vart endringane i forholda som sjømann i kombinasjon med behovet for å kunne vera meir saman med familien med på å gjera at han til slutta i utanriksfart og gjekk over til å vere ferje -skipar. Samtidig som han vart buande fast med familien i Arnafjord.

Men Kristian slutta ikkje med å oppdage og gjere nye ting sjølv om han busette seg permanent i den litle bygda Arnafjord.

At det finnest store moglegheiter når ein er busett i ei mindre bygd har Kristian Otterskred vist gjennom eit langt liv med stadig nye prosjekt og alltid mykje å gjera.
Han busette seg på den litle gardsbruket som han arva og der utvikla utvikla han med tida eit velfungerande og lokalt hytteutleige prosjekt. For der ein tidlegare berre hadde utmark kunne ein no når tidene vart betre økonomisk byggja opp eit privat hyttefelt av høg standard.

Her kan ein med å kontakte Arnafjord hytteutleige få leige seg ein flott hytte, for dagar eller veker om gangen.

Men han begynna også tidleg å samle på ulike båtmotorar som han over tid fekk tak i på ulike måtar. Med sine praktiske ferdigheiter fekk han mange av desse sat saman og restaurert. Og med tida fekk han på eiga hand og i samarbeid med andre båtmotor interesserte, bygd opp ei så stor samling at det begynna å skape interesse blant fleire. Ikkje berre i Arnafjord, men også i omlandet og etter kvart som samlinga vart større så vart ordet om den båtmotor interesserte ferje-kapteinen frå Arnafjord alle motorane kjend over heile landet.

At lokale og etter kvart riks aviser og nrk -tv laga artiklar og reportasjar gjorde at mange rundt omkring etter kvart viste om samlinga. Det igjen førte til at mange kom til Arnafjord for å sjå på dei mange ulike båtmotorane som vart sat i stand i den vesle bygda.

Kristian reiste også rundt med store båtmotorar og starta opp blant anna opp ein av desse på Torgallmeningen i Bergen framfor eit stort publikum. Også Kronprins Harald fekk ved eit høve ei oppvising i korleis ein god båtmotor startar og går.

Faktisk så vart båtmotor -samlinga etter kvart så kjend og fekk så mykje positiv omtale at Vik kommune tok initiativ og tilbydde å byggja eit eige naust ved kaien på Vikøyri. Og ønskje var at fleire skulle kunna besøkja og sjå dei ulike gjenstandane som er i samlinga.
I løpet av ei kort tid vart vedtaket godkjend i kommunestyret og bygginga starta opp. I 1997 sto bygget ferdig med utstilte båtmotorar, fleire eldre trebåtar og mykje andre gjenstandar som er eit viktig bidrag i historia om norsk kystkultur.

Her kan ein blant anna få sjå fleire ulike ro, segl og motorbåtar, bygde i tre. Eit stort utval av bensin og dieseldrivne båtmotorar, frå små påhengsmotorar til store skøyte og skute -motorar. Enkelte av dei er frå tidleg 1900 -tal og vart laga før første verdskrig.

I gjengjeld for å setje opp bygget fekk Vik Kommune med dette fått lov til å bruka denne unike private båtmotor -samlinga som Kristian Otterskred samla saman, til stor glede for både lokal befolkninga og tilreisande. Og mange har opp gjennom åra hatt gleda av å ta turen innom Kristianhus for å sjå denne samlinga. For kvar sommar dei siste 20 åra har Kristian guida alle som har ønskt å komma til Kristianhus for å sjå denne verdifulle samlinga. I tillegg har dei fått høyra Kristian fortelje frå eige liv og om kvar av dei ulike motorane og andre gjenstandane som er i samlinga. Dette har han i alle år gjort vederlagsfritt driven av entusiasme, med det for auga at også kommande generasjonar, både norske og utanlandske skal kunna komma og få ta del i vår felles historie om Norsk kystkultur.

Også denne sommaren 2019, vil det vera mogleg å besøkja Kristianhus båtmotor -museum og få oppleve Kristian Otterskred fortelje om livet som sjømann og historia til dei ulike gjenstandane på museet.


Skrive av: lars