Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn

Berge i Høyanger

Erling, bonde og oppfinnar, frå Berge

Publisert: 1. oktober 2019 11:30
Teksten handler om: Kultur

Noko som er like viktig del av fjordkulturen som det maritime, er landbruket. Landbruk har vore næring og leveveg for majoriteten av innbyggjarane langs Sognefjorden, andre fjordar og bygdesamfunn i Noreg, gjennom fleire tusen år. Her i Sognefjorden har ein, ofte, drive landbruk i bratt terreng og utnytta dei resursane ein har hatt til rådvelde.

Ein av desse bøndene, frå Sognefjorden, er Erling Norman Berge som har drive eit moderne jordbruk på grunnlag av kunnskap som er boren fram gjennom generasjonar:

Garden Ytre Berge ligg 150 svingete meter over Sognefjorden, med nydeleg utsikt. I dag er i alt 5 bruk i aktiv drift . Bruket er på 64 dekar dyrka jord, og 5 daa leigejord. Høgdeskilnaden frå nedst til øvst er heile 140 meter, og på det brattaste skiftet er hellingsgraden heile 45 grader, Mjølkekvoten er på 79.006 liter, og såleis større enn det garden har grunnlag for.

Erling Berge har som bonde samla historisk materiell frå garden han hadde sin oppvekst og seinare dreiv. Materialet har fokus på landbruket si historie og utvikling, på garden Ytre Berge, men kan også vere relevant for andre tilsvarande gardsbruk. Noko av dette er digitalisert, mens resten er på noverande tidspunkt i privat eige, hjå Erling Norman Berge.

Av tilgjengelig materiale er: Eigne notat, timeliste -bok for landbruket, dagbøker, rekneskap for landbruk, status buskap, tal frå Husdyrkontrollen, oversikt — datofastsett beiteslett og innsetting, grøftekart, jordprøver, gjødselmengder, siloprøver, høy-mengder, med meir. Det er også detaljert oversikt over avlingsmengd som silo, høy, poteter, rotvekstar, gyting, kunstgjødsel m.m. All informasjon som har blitt samla, i perioden 1948 til 2003, er blitt sendt inn til NLF i Bergen. Hjå NLF(tidlegare NILF) har det blitt utarbeidt ein drifts-analyse på garden som Berge har fått i retur saman med ei oversikt over tilsvarande gardar på Vestlandet spesielt og landet generelt. Drifts analysen er svært detaljert og inneheld til dømes kostnad pr foreining grovfor. I tillegg har Berge teke vare på "Årsutskrift frå Husdyrkontrollen", i den er garden sin buskap oppført med eit samanlikningsgrunnlag, samt avvik + eller -. Vidare har ein dokumentert alt arbeidet som er utført gjennom året, samt utgifter og inntekter av mjølkeproduksjonen. All denne dokumentasjonen er teke vare på, gjennom heile den 55 år lange perioden.

Erling har, i tillegg til den ordinære gardsdrifta, teke patent på «Berge grasfordelar» som er ein landbruksmaskin for fordeling av gras i siloar. Denne er produsert av Førde Mekaniske verkstad A/S i to variantar, hydraulisk og elektrisk. Berge grasfordelar er seld til og brukt av bønder i heile Noreg. Dette har gjeve oppfinnaren ei god ekstra inntekt, slik at han fekk høve til førtidspensjonere seg i 2003, då han var 62 år.

Eg har i samarbeid med Erling Norman Berge gjennomført eit video intervju av han. Dette er teke opp, redigert og vert lagd ope tilgjengeleg på youtube og her på Linuxlars.net av underskrivande. I intervjuet fortel Erling om oppveksten, livet på garden og om sjølve gardsdrifta. I tillegg har me, Erling i samarbeid med Lars, skanna inn og digitalisert utdrag av dokumentasjonen Erling og familien Berge har samla saman om gardsdrifta.

Etter at intervjuet var ferdig tok me også ein tur til garden Berge og fekk teke nye bilde av korleis garden ser per dags dato, i dette høve 30 september 2019.

Etter ønskje frå Erling Berge kan ein under finne utdrag frå gardsrekneskapen som er teke vare på for garden Ytre Berge. Både far til Erling, Odd Berge og Erling Berge loggførte detaljert rekneskap for åra 1948 -2002. Ein har no digitalisert og gjort tilgjengeleg rekneskap for åra 1992, 2002 og nokre historiske utdrag frå slutten av 1940 -åra. Dette kan interesserte lese gjennom vist ein ønskjer og det er også lagd med eigen kommentar skrive av Erling.

Noko av det Erling meiner fleire bønder kan lære av, også av dei som driv gardsdrift i dag, er at nøysemd i forhold til utgifter er noko av det som kan gjere ein stor forskjell. «Blant anna bør ein vere forsiktig med kraftfor bruken, for ein kan oppnå like gode resultat med mindre bruk av kraftfor. Samtidig som ein sparer på utgiftene.»

Dette er noko av det Erling meiner at mange bønder kan lære meir om ved å studere rekneskapen som er å finne under.


Skrive av: lars

Pdf: Rekneskap for Gardsnummer 55, bruksnummer 1, Ytre Berge i Høyanger kommune.

Erling, bonde og oppfinnar, frå Berge