Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn


Dei reisande

Kort fortalt om kven dei reisande er

Publisert: 17. september 2019 10:28
Teksten handler om: Kultur, Taterbåten

Det er mange teoriar om kvar splintane, tatarane, fantane, omstreifarane eller dei reisande kom ifrå, og Eilert Sundt (1817-1875) granska og har skrive mykje om dei reisande. Her i Vik nytta me vel helst ordet splint eller tater. Ordet tater vert og nytta som skjellsord og betyr kjeltring eller røvar. Også i dei andre nordiske land finst det reisande folk. På Vestlandet brukte dei båter, i andre deler av landet hest og vogn. Mange reisande hadde faste stader der dei kom att, år etter år og fekk overnatta eller bu. Reiselivet var hardt, prega av slit og fattigdom. Det var og mange rykter om dei. Det vart sagt at dei tigga og stal, at dei var frekke og at dei var arbeidssky. Livsførselen deira skilte seg ut frå "vanlege folk". Splintane som reiste her på Vestlandet var ekspertar på blekkarbeid og anna handverk. Dei laga takrenner, bytter av sink, mjølkespann og mykje anna kjøkenutstyr. Dei var og flinke handverkarar, knivmakarar og urmakarar. Smykker og bruksgjenstandar laga av gull, sylv eller messing var ofte av beste kvalitet. Desse produkti hadde dei med seg og selde. Dei reisande var og kjende for å vera flinke hestekarar, dei gjelda hestar og gjorde dette ofte på marknader kringom. Dei flådde og døde dyr og vart rekna for ureine, for bøndene sjølve ville ikkje flå eit dødt dyr.

Mange av dei kvinnelege splintane kunne spå ved å lesa i handa eller i kaffigrut. Mange hadde god kjennskap til urter og helbredande planter, hadde med seg slikt og hadde ord på seg for å kunne helbreda sjukdom både på menneske og dyr. Men mange frykta nok og at dei kunne gjera det motsette, nemleg nytta skademagi viss dei fekk mot nokon. Så det var best å visa dei velvilje. Dei nytta naturen som medisinskap. Merramjølk tok knekken på alle sjukdomar. Kvinnene togg barnåler for å få fart på fødselen, og mødrene bles piperøyk inn i øyro på ungar med øyreverk.

Vanleg var og at dei laga korger, vevde ullband, strikka og broderte. Alt dette selde dei kringom på gardane og til andre. Ofte bytte dei til seg mat, ullgarn og overnatting. Handelen føregjekk vanlegvis ved dørsal, frå hus til hus. Borni måtte tidleg hjelpa til.

Ein reknar med at 10000-20000 nordmenn er ekte reisande, og at rundt 100000 har taterblod i årane. Det er rundt 135-140 taterslekter i Noreg. Ein reisande familie var ofte ein storfamilie med mange personar og fleire generasjonar. Samhaldet i familien var sterkt. Ektepar heldt vanlegvis saman heile livet, skilsmisse vart sett på som ei skam. Familiane var barnerike, 10-12 barn var svært vanleg, rekorden skal visstnok vera 23 barn. Men dei levde eit hardt liv etter landevegen, og mange born døydde, ofte vaks berre halvparten opp. Barneoppdragingi var prega av lydnad og respekt for foreldre og dei eldre, og juling vanka det ofte. Borni fekk ikkje blanda seg opp i vaksenprat.

Folk kunne av og til lura på kor det vart av dei gamle tatrane som plutseleg kunne verta borte. Rykti sa då at familien drukna dei gamle. I boki «Paa fantestien» av Martin J. Mathiassen Skou skriv han at den eldste i familien vart førd ut i båt når han ynskte å døy. Dei song på romani: «Gå ned, gå ned. Vreden blir stor, den gamle skal gi plass til den unge». Så batt den eldste ein stor stein rundt halsen og kasta seg ut i vatnet.

Kvinnene gjekk i fargerike klede, ofte mange side skjørt, fargerike sjal og lærbelte med sylvspenner. Dei pynta seg med mange og fine smykke. Sylgja på brystet kunne vera 15-20 cm i diameter. Å eiga mange smykker var eit teikn på velstand og gav status. På låret, under sidskjørtet, hadde kvinnene ein lauslomme festa med snor rundt halsen. Her hadde kvinnene pung, pipe og tobakk. Også kvinnene røykte pipe. Kvinner som amma kunne og røykja, og hadde då sylvlokk på pipa for å verna ungane mot glør. Dei starta dagen med ein blås og med djupe magadrag tok dei kvelden. Tater-Milla fekk si fyrste pipe som 10-åring, å starta tidleg var vanleg.

Mennene hadde vide, breibremma hattar og fargerike halstørkle, festa med ring, og skjorte og vest. Vesten var ofte av skinn, med sylvknappar og klokkekjede. Dei hadde kniv festa i beltet eller i lomma.


Skrive av: Arne Inge Sæbø