Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn


Dei reisande i Vik

På Vikøyri var det mange reisande

Publisert: 17. september 2019 11:48
Teksten handler om: Kultur, Taterbåten

Det vart i august 2016 sett opp eit minnesmerke over dei reisande ved naustrekkja på Vikøyri, etter initiativ frå etterkommarar av dei reisande. Minnesmerket vart reist i Vik fordi her hadde vore mange reisande og fordi dei vart godt mottekne. Nokre eldre i Vik hugsar dei reisande eller har fått fortalt om dei, og det er då særleg folk av Børe-familien, ikkje minst Børe-Tines som budde på Vangsnes og Vik på 1930-talet. Borni hans gjekk og på skule på Vangsnes og i Vik.

Børefylgjet var eit splintafylgje som heldt til i Vik. Dei budde i Vik om vintrane og produserte då varer som dei reiste innover fjordane med og selde i sommarhalvåret. Dei for kringom i heile Sogn og vart lommekjende i fjorden. Mange yrke var representert i fylgjet, både smedar, hes- teskjærarar, sadelmakarar, urmakarar, rosemålarar og felemakarar. Dei hadde eigen båt som ankra opp ute på fjorden, og så rodde dei til lands i prammar full- lasta med varer. Børen sjølv var ein stor personlegdom og likte ein god diskusjon anten det galdt astrologi eller religion.


Skrive av: Arne Inge Sæbø