Trygg og kreativ formidling


Bernhard og Annika

Eit ektepar som tilhøyrde børislekti

Publisert: 17. september 2019 12:55
Teksten handler om: Kultur, Taterbåten

Blekkenslagar Bernhard Olsen (1883- 1959), kona Annika (1881-) og sonen Alfred var og av børeslekti. Dei hadde og ein eldre son som var lite i Vik, han heitte Sverre Leonard og var fødd i Vik i 1909. Dei budde fleire år på Vikøyri i Vik, i det huset som Mattis-Johan seinare heldt til. Det er mange historiar etter Annika. Bernhard laga blekkspann, mjølkesilar og anna, og Annika for rundt og selde dei, litt halte var ho. Ho var fæl i kjeften, og det var ikkje mykje stilt når ho kom.

Anders Brekke har skrive litt om ho i ein tidlegare artikkel i Pridlao:

Men eg gløymde reint ho Annika, som høyrde til dei «reisande» eller fantar, som me sa. Ho var ikkje tapt bak ei vogn, nei. Av og til budde ho her i Vik med heile huslyden sin, stundom i lengre bolkar, så det var knapt eit menneske i Vik som ikkje kjende ho Annika. Ho for og rundt til «venene» sine. Trudde ho at ho tente på det, gav ho seg god tid og prata, serleg med konene og var då ofte så religiøs i tonen at det «draup» av ho. Ho fortalde til mor motgangar ho hadde møtt i livet.

Såleis hadde ho ein som døydde midt i sin beste blomst. Han var sinnsvak, han. Respektstridig sette eg i å gapskratta. Ein «sinnsvak blomst» hadde eg aldri sett eller høyrt gjete. Men no var ho komi i tralten og heldt fram sin ånderike tale med gudlege islett i blant. Far låg i sengi og høyrde seg meir og meir forarga. Han reiste seg opp på albogane og kveste i: «Du Annika, du kan ikkje utidigare vera»! Me andre i stova kvakk til. Det fekk då vera måte på munnhoggeri, endåtil til Annika. Ein augneblink berre var det heilt stilt i stova, men så sette Annika i å le. «Han var morosam, han de. Grevleg grei, kjekk». Låtten ljøoma under sperrene, og far måtte bita seg i lepen og le med, han og.

Ho greidde ikkje seia b og p til stor moro for oss, gutatravane. «Svekeflesk med fefar få, det er herleg mat, de».

Lensmannen hadde vore inne hjå ho og sagt ut heile huslyden, så då mannen ei stund etter kom inn og trudde fred og ingen fare, møtte han eit støvlepar og det ho i farten fann, og så sette ho i: «Her har du, og så dreg du til helvites herifrå din forbanna skeivanos»!

Ein dag Babb (Lars Larsson Brekke (1864-1939), Store-Lars, var nede på Øyri, kom Annika og ropte til han: «Helsa opp til Åsa Brekke, de». Babb læst ikkje høyra. Ho skreik ut det same både andre og tredje gongen. Babb vart djupt forarga, mykje folk var rundt i kring, og så sette han i med sitt kraftige mæle: «Det kan vel ikkje liggja lag om!»

Dei var religiøse på slutten av tidi dei var i Vik. Bernhard og sonen vart med i Frelsesarmeen og hjelpte til på møte og på sundagsskulen. Familien flytta til Bergen i 1938. Klemetsen Oldefar til boksaren Ole Klemetsen, Klemmet Olsen, budde lenge i Vik i huset rett nedanfor Kurt Arne sitt hus.

Klemmet var fødd i Bohuslån i Sverige i 1866 og slo seg ned i Vik som blekkslagar og motorbåteigar. Dei var i alle fall komne til Vik i 1909 for då vart sonen Alf fødd i Vik, han vart konfirmert i Vik i 1923 og er bestefar til Ole. Familien flytta til Stavanger på slutten av 1920-talet.

I eit avhøyr hjå lensmannen i 1923 etter husbråk fortalde Klemmet at han var «aldeles uformuende og hans indtægter i den senere tid har været saa smaa, at han ikke har greiet at betale sine skatter
for de sidste par aan.

Klemmet dreiv som blekkslagar her i Vik, men han kjøpte og poteter hjå bøndene i Vik som han reiste til Bergen med. Han gjorde alltid opp for seg etterpå til bøndene, slik at han hadde voldsom tillit her.

Eit år etter han hadde lasta «Svea» full med poteter, sokk båten medan han låg ved kai. Potetene vart tømde i bing om bord, båten var fullasta om kvelden, og Klemmet ville reisa morgonen etter. Då han kom på kaien om morgonen, då låg Svea på botn. Klemmet reiv seg i håret og ropte: «Herre, 0 himlans Gud, nu er Svea sunket.» Men dei fekk båten oppatt ved å bruka den gamle brannsprøyta og med tau og taljer. Bøndene fekk leggja potetene inn på nesta bui, dei kom og tok att potetene sine og leverte nye. Det var teikn på tiltru det. Dei nytta vel potetene til beisti.

Klemmet laga heimabrent og ein gong hadde nokon tipsa lensmann Øen om det. Øen tok øyeblikkeleg affære og reiste ned til Klemmet. Han banka på og gjekk forsiktig fram og fortalde at han hadde no gått forbi og ville berre høyra innom. Klemmet var då i full gang med produksjonen, kokingi var i godt gjenge. «Kva driv du med?» spurde lensmann Øen. «Jag kokar lut,» svarde Klemmet, «grispurkan er full av lus.» Dette tykte lensmann Øen var eit slikt godt svar på ståande fot at han gjorde ingenting med det. Han reiste sin veg, og Klemmet vart ikkje teken.

Yngste son hans, Alf, var litt av ein spreking. Etter dei kom til Stavanger, vart han ein av dei beste turnarane der. Han dreiv og med boksing, og det er mange historier om bragdene hans som akrobat og boksar. Det var ein båt med sement her til gamle Hornnesen, båten heitte «Vesle Kari». Oppe i masti var det ei tønna, det hadde tidlegare vore selfangstskuta. Opp der entra han Alf, steig opp på sidene av tønna, heldt seg med eine handa i masti og spelte munnspel. Faren raste og ropte til han at han måtte ha seg nedatt, elles kunne han detta ned og slå seg i hel. Då svarte sonen: «Ja, viss eg kjem ned, så sler vel du meg i hel». 12 år gamal klatra han til topps på sokkelen til Fridtjovstatuen. Han for rundt i heile landet som tivoliarbeidar, fiskar, anleggsarbeidar, handverkar og musikar.

Han var og politisk interessert og var medlem av Norges kommunistiske parti. Det var mykje inngifte mellom familiane til dei reisande. Fredrik Olai Nilsen Viborg, bror til kona til Klemmet, Maren Marie Nilsdotter Viborg, var gift med Severine Bertine Tønnesdotter som var syster til kona til Bør-Ola, Ola Larsen Limmesand.


Skrive av: Arne Inge Sæbø