Trygg og kreativ formidling


Fattigfolk slo seg ned på Vikøyri

Noko som ikkje var populært i heradstyret

Publisert: 17. september 2019 13:09
Teksten handler om: Kultur, Taterbåten

Det vart eit problem i Vik at svært mange fattige flytta til Vikøyri, og det galdt ikkje først og fremst dei reisande. Etter gamal skikk var det det området der den fattige hadde heimstad som hadde plikt til å syta for den fattige. Heimstadkommunen skulle bera utgiftene til fattighjelp, uansett om ein person var flytt vekk frå kommunen. Utlendingar og omstreifarar hadde ingen heimstadrett, og her dekka staten halvparten av eventuelle fattigutgifter, resten fall på opphaldskommunen.

Etter krav frå fattigkommisjonen gav gardbrukarane i Sæbø, Sjøtun og Grov denne lovnaden i 1852:

- At de uden fattigcommisionens samtykke ikke skulle nedsætte flere strandsiddere enn som nu haves

- At ingen der ikke er hjemstavnsberettiget her skal faa tilladelse til at nedsætte sig paa deres eiendom, om de end bliver eiere av nu opførte huse

- At ingen strandsidder skal faa tilladelse at indtage inderster, det være sig inden- eller udenbygds

Avtalen slo fast at fattigkommisjonen skulle godkjenna nye tilflyttarar på desse eigedommane. Ingen utan heimstadrett skulle få slå seg ned her. Dette sjølv om dei kunne kjøpa seg hus. Grunneigarane skulle og sjå til at ingen av strandsitjarane let folk få opphald hjå seg.

Bekempelse af omstreiferplagen

I 1885 drøfta kommunestyret i Vik omstreifarplaga og vedtok fylgjande:

Det henstilles til Almenningens bestyrelse at holde møde med de øvrige Grundeiere på Stor- og Lille Øren for at faa ordnet Forholdene med Hensyn til Omstreifere der nu huses mer end tilbørligt er. I 1900 drøfta heradstyret på nytt saki. I eit avisinnlegg åtvara Svein Aase mot «dette uvesen». På heradstyrets vegne som han skreiv. Omstreifarplaga måtte bekjempast, ein burde ikkje handla med dei og ein skulle melda eventuelt tiggeri. Dei burde ikkje få husrom meir enn ei natt og ein måtte i alle fall ikkje husa dei i månadsvis. Ord som «uvesen, ublue gjester, omstreiferplage og frekt tiggeri» vart nytta i innlegget.

Så ein må konkludera at dei reisande var alt anna enn velsedde, og at dei vart vel mottekne i Vik, som dei bak minnesmerket på Vikøyri hevdar, er nok eit syn som bør modifiserast. Kanskje endra det seg til det betre litt seinare.

Samueline

Eit døme på ei sak som galdt omstreifarar har me frå 1877, då handsama Vik Fattigkommisjon ein rekning frå Tarald J. Seim fordi han hadde gjeve husrom til Samueline, ei omstreiferske. Rekningen var på 12 kroner «for i 8 dage at have haft Samueline, omstreiferske, tilhuse under hendes barselseng i afvigte August maaned. Man fandt dette beløp altfor høit, men saafremt regningsutstæderen var villig til at modtage et beløp af 6 kroner og 40 øre, vil dette beløp ville blive at anvise til udbetaling. Refusion søges gjennem Amtet.»

I kyrkjeboki finn me at ukonfirmert pige Samueline Bertine Pedersdtr. Iveland (1856) og ungkar blikkenslager Ole Olsen Ulshagen fekk ein son Oluf Johan 13. august 1877. «Begges 2det Lejermaal». Samueline fekk ein ny son i 1879, Wilhelm Magnus, med Ludvig Larsen Tønsagermoen (1854-) frå Luster. Kvar Samueline vart av seinare, veit me ikkje.


Skrive av: Arne Inge Sæbø