Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn


Politikken overfor dei reisande

Eit mørkt kapittel i Noregs historie

Publisert: 17. september 2019 13:12
Teksten handler om: Kultur, Taterbåten

Dei reisande har vorte forferdeleg behandla av styresmaktene i Noreg. Politikken har gått ut på å utrydda dei eller få dei til å gje opp levemåten sin. Alt i 1536 kom det ei lov som sa at alle tatarar skulle utvisast frå Danmark-Noreg. Ei lov av 1643 fastsette at det skulle vera årlege fantejakter. Også kyrkja sine folk deltok i forfylgingi av dei reisande. I Sverige kom det eit påbod i 1560 om at prestane ikkje skulle ha noko med tatarar å gjera, ikkje døypa borni og ikkje gravleggja dei døde.

Tukthus og slaveri som kom i Noreg på 1700-talet, var ikkje minst retta mot dei reisande. Samfunnet skulle no nyttiggjera seg av deira arbeidskraft. Steriliseringslovi kom i 1934, lovi gjekk hardast utover dei reisande.

Jenter og gutar heilt ned i 14-15-års alder vart tvangssteriliserte og -kastrerte. Så mange som 840 taterkvinner kan ha vorte utsette for overgrepet. I 1951 vedtok Stortinget at romanifolket ikkje skulle få ha hestar lenger. Grunngjevingi var at dei behandla dyri dårleg. Dette var eit forferdeleg slag i trynet for dei reisande, og det var djupt urettferdig.

Historia om ei taterjakt i Flå i 1907 fortel betre enn noko kva dei reisande har vore utsette for. Dette året var det sett i gang ei spesiell, organisert taterjakt i Gauldalen i Sør-Trøndelag. Grunnen var at ei jente på 6 år, Gudrun, var forsvunnen i Oslo. Ein 13-årig synsk gut, Johan Fløttum frå Singsås, meinte at eit taterfylgje hadde kidnappa jenta og gøymde seg i ei berghola i Flå. Det var organisert ei storstilt taterjakt, der opptil 1000 mann deltok, for å sprenga seg inn i hola med dynamitt. I 1908 vart jenta funnen død i ein kloakk i Olso. Ho hadde ved eit uhell falle ned der under leik.

Under jakti oppstod det eit rykte at lokale «tatarar» hjelpte dei som var i hola. Dei vart arresterte og internerte, utan lov og dom og politimynde, på grunnlaus mistanke. Dei som vart utsette for desse overgrepi, fekk ingen assistanse av det norsk rettsapparatet, heller ikkje erstatning etterpå. Dette fortel betre enn noko om den rettslause stillingi dei reisande var i i det norske samfunnet.

I 1897 vart «Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet» oppretta, med tidlegare sokneprest Jacob Walnum som generalsekretær. Han føreslo å oppretta barneheimar for borni og arbeidskoloniar for dei vaksne. I barneheimane vart borni til dei var 10-12 år, dei gjekk på skule og var med på forskjellig arbeid på barneheimen. Dei fekk ikkje ta imot besøk av foreldri, og det var streng disiplin og prega av nøysemd. Seinare kom borni i fosterheim, ofte på gardar, der dei vart utnytta som billeg arbeidskraft. Born og foreldre vart skilde, og familiane vart splitta.

I 1908 vart Svanvikens arbeidskoloni oppretta på Eide på Nordmøre, for familar med born. Dei reisande skulle venjast til eit regelmessig arbeidsliv med streng disiplin, eit bufast tilvære med kristen forkynning. Målet var å fjerna dei vaksne frå omstreifarlivet. Det skulle vera ei frivillig ordning, men med fare for at borni ville bli tekne frå foreldri, såg mange på denne kolonien som einaste sjansen til å behalda borni.

Mykje kunne vore skrive om politikken overfor dei reisande, men det finn ein omtalt mange andre stader. Stikkord er forfylging, diskriminering og rasisme, det har vorte oppretta register over dei reisande og dei har vorte diskriminerte i massemedia. Målet var assimilasjon og utsletting av kulturen deira. Til trass for dette har mange reisande klart å halda på sin kultur og levemåte og er vorte akseptert som ein minoritet i Noreg. Unnskyldningane har kome I Noreg blir me opprørde over overgrep i andre land, men overgrepi mot dei reisande i vår nære fortid gjer at me bør
vera litt mindre kjepphøge. Unnskyldningane har då og kome. I 1998 fekk dei unnskyldning frå Stortingets talarstol framført av kommunalminister Ragnhild Queseth Haarstad: «På vegne av norske myndigheter beklager jeg sterkt fortidas overgrep. Noe lignende må aldri skje igjen. Norske myndigheter har mye å skamme seg over overfor Romanifol- ket.»... Prestane i Noreg kraup og etterkvart til krossen og bad om tilgjeving i 1999. Biskop Gunnar Ståsett uttalte: «Vi kommer ikke forbi at kirken på mange vis, direkte og indirekte har vært redskap for etnisk rensing mot Romanifolket i Norge. Prestene spilte en viktig rolle som samfunnets eksekutør av umenneskelig politikk, slik også Norsk misjon blant hjemløse gjorde det».

Rundt 770 personar har fått erstatning for å ha vorte utsette for mobbing, hamna på barneheimar og for å ha fått mangelfull skulegong. Det kan og nemnast til slutt at Noreg har eit eige tatermuseum, ved Glomdalsmuseet i Elverum. Det er det einaste tatermuseet i verdi.


Skrive av: Arne Inge Sæbø