Trygg og kreativ formidling


Musikk og dikting

Litt om musikk og dikting blant dei reisande

Publisert: 22. september 2019 10:06
Teksten handler om: Kultur, Taterbåten

Musikk og dikting var ein viktig del av kulturen til dei reisande. Dette var til underhaldning, glede og kulturelt samhald for dei reisande. Til tider var musikken og diktinga også til glede for dei som var så heldig å få besøk av eit tater fylgje, med spelemenn. Nokon av dei reisande hadde også song og musikk som levebrød og vart godt kjend i si samtid.

Det er jo ofte slik at dei som diktar tek utgangspunkt i sin eigen kvardag og samtid, slik var det også for dei som levde langs landevegen. Difor kan me fortsatt, i dag, få eit lite innblikk i tida og omgjevnadane til dei reisande gjennom musikk og dikt som er skrive tidlegare.

Etterkommar av Børe -fylgje, Johnny Nilsen, opplyse følgjande når det gjeld musikalske evner i deira slekt:

«Vi har noen felespillere i slekta som ble regnet for mesterspillere. Petter Christian Rasmussen Jensen Vardal og Karl Johansen Rosenberg, fødd før 1780 (Fant Karl) Han var gift inn i Børeslekta med Magdalena Børresdatter. Dette er jo lenge før Martha og Lars Børresen sin tid. Petter Christian Rasmussen Jensen Vardal var også en mesterspillemann, født i Skjoldastaumen, Tysvær i 1759. Derfor fikk han navnet Petter Strømsing eller Strømsingen som han brukte hele livet. Han var sønn av gamle Rasmus Jensen Vardal som er regnet for å være stamfar til svært mange reisende. Rasmus livnærte seg og familien som Smed og bodde en tid i Skjoldastraumen og hadde smie der. Disse var jo Reisende og vandret mye rundt i hele sør Norge. Det var på en slik vandring fra Tysvær til Kristiansand at Petter som 12-13 åring tok en avstikker til Sandnes "for at købe seg en Viol" som senere ble kalt Strømsing fela. Det fantastiske er at Fela eksisterer den dag i dag og er i en Dyvik i Haugesund sitt eie. Petter var mesterspillemann og komponist, folkevisa "Per Spelemann er komponert av han. Han komponerte blant annet en slått han kalte for " Gravbakkjen" som han skrev til sin egen begravelse. En av sønnene "Litle Rasmus" spilte også slåtten under Petter sin begravelse.»

I 2009 vart det avduka ein minnestein for Petter i Skjoldastraumen. Modell for statuen, i tradisjonell taterdrakt, var Johnny Nilsen som på det tidspunktet var nestleiar i foreiningi Romanifolkets Kystkultur.

Fele var, saman med trekkspel og etter kvart gitar, instrument som har vore mykje nytta av spelemenn, på vandringsveg. Og har gjennom tidene fått fleire kjende musikarar diktarar av tater slekt.

Jon Ljosdal, Elias og Veronika Akselsen er berre nokre, for det er mange mange fleire. Du kan finne mange av reisande slekt som spelar på til dømes youtube og her kan du høyre ei ei speleliste frå yoube med blant anna Jim Karlsen "Vandringsfolket", «Jag er på vandring», med Veronika Akselsen. "Jag er på vandring" er døme på ein song song som har vore kjend blant tatarar i Norden gjennom generasjonar.

Det har med tida vore skrive mykje litteratur om Tatarane, både faglitteratur og skjønnlitteratur.

Tidleg ute av dei tidlegaste som ikkje sjølv var av reisande slekt, var Jackob Sande og Alf Prøysen. Desse var i kontakt med reisande i si eiga samtid og fann inspirasjon i møte med desse menneska.

Etter kvart har også mange andre skrive om dei reisande og det er mogleg for den som er interessert å finne musikk, dikt og litteratur om dei reisande ved å søkje på veven eller oppsøkje eit bibliotek.


Skrive av: Lars K. Hansen etter samtale med Johnny Nilsen

Ei lita speleliste frå youtube med musikk av reisande