Trygg og kreativ formidling

Hopperstad Stavkyrkje

Eldste bygning i Vik, stavkyrkje i tre, frå 1136

Publisert: 29. september 2019 09:36
Teksten handler om: Kultur, Bygg

Rivingsvedtak
Då nyekyrkja i Vik vart innvigd i 1877, vart det bestemt at stavkyrkja skulle rivast. Kyrkja var i dårleg stand, og kyrkjelyden trong pengar til nyekyrkja. Fortidsminneforeininga i Bergen visste om kyrkja og ville kjøpa ho, men prisen, 1200 kr, var for høg for dei. Etter mange forhandlingar kjøpte så foreininga sjølve kyrkjeskjelettet for 600 kr i 1880 etter at alle tilbygga var rivne.

Peter Andreas Blix (1831-1901) var ein kjend arkitekt og ingeniør som budde i Bergen. Han hadde stått for restaureringa av Håkonshallen og Domkirken. Blix var komen til Vik i 1881 for å sjå på Hove kyrkje som han hadde kjøpt. Han vart då opprørt over å sjå kva forfatning stavkyrkja var i. Korkje bygdefolket eller Fortidsminneforeininga ville eller kunne ta seg av kyrkja. Blix tilbaud seg då å leia restaureringa av stavkyrkja gratis. Han stilte og ein stor pengesum til rådvelde. Tilbodet vart godteke.

Granskingar
I tida 1885-91 fekk Blix gjennomført omfattande undersøkingar, og stavkyrkja vart grundig oppmålt. Restaureringsarbeidet var såleis basert på eit solid forarbeid. Truleg har det ikkje skjedd før at ein og same mann har leia restaurering av to kyrkjer i same bygda, for eiga rekning og etter eigne utarbeidde planar og teikningar. Blix sitt kompromisslause mål var å gjenreisa kyrkja slik ho opphavleg var.

Restaurering
Blix fjerna inventar og innreiing frå seinare tid og lagra gjenstandane i eit magasinhus nord for kyrkjegarden. Det einaste han let vera att var ein baldakin (lite tak over satue, altar). Kjernebygningen, skipet og koret, endra ikkje Blix på. Men apsis (rommet bak alteret), alle svalgangane og det spontekte taket med takryttar var nye. Kyrkja fekk tre portalar, mot vest, sør og nord, alle pryda med utskjeringar. Vestportalen høyrer til det ypparste innan norsk treskurd frå mellomalderen. Alle endringar var tufta på undersøkingar eller etter førebilete frå andre stavkyrkjer.

Ei eldre stavkyrkje
Den stavkyrkja som står på Hopperstad no, var neppe den fyrste som stod der. Truleg har der stått ei eldre stavkyrkje på same staden. Då Blix undersøkte kyrkja, fann han restar av ei stavkyrkje med treskurd. Den kyrkja har truleg vore bygd i andre halvdel av 1000-talet.

Inventar
Praktstykket i interiøret er alterbaldakinen eller ciboriet, som er forma som ein liten bygning med saltak over ein himling. Himlingen er måla med scener frå Jesu barndom. På veggene er det mange runeinnskrifter og ristingar. Dei fleste runeinnskriftene er fromme ønskje som "Herren hjelpe den mann som rissar desse runer ..". Ristingane, mellomalder-grafittien, har mange motiv, mest menneske og dyr, men og fiskar, båtar, bumerke og symbol.
Kopi i USA

I 1998 vart det innvigd ein kopi av Hopperstad stavkyrkje i Moorhead, Minnesota. Over 100 personar frå Vik og elles i Sogn reiste over til USA og overvar innviinga.


Skrive av: Arne Inge Sæbø