Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn

Vik kyrkje

Hovudkyrkja i Vik sokn, frå 1878

Publisert: 29. september 2019 16:23
Teksten handler om: Kultur, Bygg

Vik kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på Flatbygdi i Vik kommune. Kyrkja, som har 450 sitjeplasar, vart vigsla 23. august 1877 av biskop Peder Hersleb Graah Birkeland. Arkitekt Haakon Thorsen laga teikningane. Vik kyrkje er soknekyrkje for Vik sokn og hovudkyrkje i Vik prestegjeld.

Eitt sokn - ei kyrkje
Då Vik kyrkje vart reist, fekk bygda samstundes eit nytt samlingspunkt. Dei to sokna Hopperstad og Hove vart slått saman. For mange var det ein smertefull prosess, kanskje mest for dei som høyrde til hovudsoknet Hopperstad. Kyrkjestriden gjaldt samanslåing av to sokn til eitt og om bygging av ei ny, felles kyrkje, eller om dei skulle få ny kyrkje utan å slå saman sokna.

Striden starta i 1870 då sokneprest Jørgen Christian Andreas Grøner klaga på trengsla både i Hopperstad og Hove kyrkje. Bygdefolket meinte at han overdreiv, og at kyrkjene romma dei som ville inn. Men på same tida truga Stiftsdireksjonen med rettssak om ikkje soknet ville kjøpe og utvide Hove-kyrkja. Like etter melde Grøner frå om at han ikkje lengre kunne halda gudsteneste i Hopperstad kyrkje, fordi ho var så trekkfull. Dette skjedde samstundes som Hopperstad-soknet diskuterte om dei skulle kjøpe soknekyrkja si frå dei private eigarane, og eventuelt restaurere og utvide kyrkja. Sokna var under press, og innan kort tid valde begge å løyse ut kyrkjeeigarane og ta stilling til framtida for kyrkjene og sokna.

Meyer skapte semje
Situasjonen desse sokna kom i var vanleg i mange prestegjeld ved lova av 24. september 1851 som kravde at kyrkjeskipet skulle romme 3/10 av folketalet i soknet. Mange i Vik var urolege for kva dei ville miste om sokna vart slått saman. Ville dei då få den same representasjonen i soknestyret og fattigkommisjonen? Ville dei misse ein av kyrkjesongarane og dermed bli dårlegare stelt med lærekrefter? Folk såg også svært ulikt på økonomien. Nokre meinte dei ville komme langt betre frå det med å restaurere og utvide dei to gamle kyrkjene, i staden for å byggje ei ny. Andre meinte at nybygging var den absolutt beste økonomiske løysinga.

Det er sokneprest Christian Ludvig Emil Meyer som har fått æra for at bygdefolket omsider kom til semje og gjekk saman om å byggje ny kyrkje. Meyer kom til Vik i 1873, og var frå fyrste stund ein ivrig forkjempar for bygging av ny kyrkje. Han fekk omdøme som ein godlynt mann, og hadde nok nytte av denne eigenskapen når han etter kvart bidrog til å løysa kyrkjestriden.

Kyrkja
Den nye kyrkja, som var kvitmåla både innvendig og utvendig, fekk store, stilreine vindauge i skipet. Ho vart på alle vis ein stor kontrast til dei gamle kyrkjene i bygda. Tårnet er bygt i to etasjar og ragar nesten 40 meter i vêret. Bygdefolket var svært godt nøgde og tykte dei hadde fått ei stor og vakker kyrkje. Mange bønder hadde ytt pliktarbeid då materialane skulle fraktast til byggjestaden på Prestemoane. Lånesummen for arbeidet vart utlikna på dei som hadde pengar til å betale med.

Kyrkjegranskar Bendixen var på synfaring kring 1900 og omtala kyrkja som svært lys. Loftet i koret og midtskipet var flatt, og sidene lett skrånande. Kyrkja hadde frontgalleri med utbygging for orgelet. Dei indre veggene var lys raude ovantil, og lys grå nedantil, dørene og benkene var gule, søylene og knektane hadde brune kantar, taket var måla kvitt eller lett blåleg.

Nye fargar var ei av mange endringar som skjedde i samband med det store restaureringa hausten 1961 og våren 1962. Kyrkja fekk gråtona vegger og benker måla i kvitt og raudt. Det som opphavleg var ei nesten firkanta koropning, fekk ei ny stilig bogeform. Det same gjorde det flate taket i midtskipet og i koret. Beresøylene var firkanta, men under oppussinga fekk dei eit meir sirkelforma utforming med pålagt panel. Taket i sideskipa som før skrådde svakt nedover, vart retta ut, og galleriet vart senka. Fremst i skipet vart det montert inn nye glasmåleri som framstiller dei fire evangelistane.

Orgel i 1902
Noko av det særmerkte som ikkje vart endra, er dei spissboga vindauga, fire på kvar side i skipet. Under kvart av desse er der raudmåla felt med krossar måla i gull. Øvst har vindauga kløverbladmotiv, men desse vart innebygde og viser no berre frå utsida. To av dei same vindauga er sette inn i vestveggen, og i tårnet er der heile fire. Spesielle er også dei 16 "stjernene" i taket i midtskipet som gir lys over kyrkjelyden. Kyrkja har dåps- og prestesakristi på kvar side av koret. Til galleriet er det oppgang både utanfrå tårnfoten og inne langs veggen i sjølve kyrkjeskipet.

I 1893 var det samla inn om lag 400 kroner i frivillige gåver til innkjøp av omnar, og kort tid etter kom det på plass to omnar, ein på kvar side i skipet, om lag midt i benkeradene. På byrjinga av 1930-talet vart det lagt inn elektrisitet, men på kalde vinterdagar vart det likevel ikkje varm nok. Oljelamper vart nytta fram til 1914, då vart det montert nokre enkle elektriske lyspunkt i kyrkjeskipet. I 1927 vart det sett inn lysekrone og lampettar. Kyrkja fekk sitt fyrste orgel i 1902. Nemnda som ordna med kjøpet, hadde samla inn pengar fleire år i førevegen. Ungdomslaget heldt basar, det vart skipa til kyrkjekonsert med militærmusikken, og ikkje minst bidrog mange utvandra vikjer i Amerika med pengar. Orgelet var svært omtykt, og fleire organistar kom til Vik og heldt konsertar etter at det vart teke i bruk. Nytt orgel kom på plass til 100-årsjubileet i 1977.

Kunst og inventar
På alterer står to lysestakar i messing frå 1690. Nattverdsutstyret er ein kalk i sølv, truleg frå 1877, ein disk og ei brødøskje i sølvplett frå 1877, og ei vinkanne i sølv frå 1971. Døypefonten i tre er frå Hopperstad-kyrkja. Dåpsfatet frå 1932 og dåpsmugga frå 1956 er begge i tinn.

Biletveven frå 1905, som er ein kopi av eit teppe frå Drangedal (1653), er laga av biletkunstnaren Brita Hønsi (f. 1872) frå Vik. Motivet er bryllaupet i Kana (Joh. 2,1-11). Hovudmotivet viser bryllaupsbordet der brura sit mellom Maria, i samtale med Jesus, og brudgommen. Til venstre overvaker Jesus munnskjenken, og til høgre sit to bryllaupsgjester, og øvst til venstre spelemannen. Biletet kom til kyrkja i 1966 og hang fyrst i sakristiet, men vart i 1996 hengt opp over døypefonten.

Her er to kyrkjeklokker som begge vart flytta over frå Hopperstad-kyrkja i 1877. Den eldste og største klokka har innskrifta "In Godtes Namen bin ich geflossen. Michel Linni zu Bergen hadt mich gossen anno 1633". Den andre har innskrifta "Støbt i Bergen af H. N. Quarme og Nils D. Berg 1827".


Skrive av: Margrethe Henden Aaraas, Sigurd Vengen, Anders Gjerde: Sogn fylkesarkiv