Trygg og kreativ formidling


Ingen som Johan 75

— har vore medlem i Vik Musikklag i 60 år

Publisert: 1. mars 2020 09:30
Teksten handler om: Kultur, Skomakarverkstaden

VIK: I ettermiddag fyller Johan Andersen (75) tubaen med luft slik han har gjort tusenvis av gonger. Æresmedlemen har vore med i Vik Musikklag sidan korpset såg dagens lys for 60 år sidan. Kanskje ingen i heile Noreg kan syna til slik imponerande bragd, og Johan er ein av 40 musikantar som skal få fart på jubileumskonserten. -

Det har vorte mange sveittedråpar i åra. Spesielt i 17. mai-toget oppe Røysavegen i solskin var seigt, seier tubaveteranen og jubilanten.

Fadderskapen til alle muikklag i Sogn kjem frå militærmusikken i bataljonen. Sogns Bataljon vart starta opp i 1726, og vart omorganisert i 1874. Då kom og bataljonmusikken med for alvor.

Etter at eksersisen i Vik flytta over til Voss i 1898, var det att ein gjeng militærmusikarar som var med på å organisera Vik Musikklag.

Anders Iversen

- Det var liksom far min, Anders Iversen, som starta det heile opp, med god hjelp av dei eldste musikararne i bygda, seier Johan. Siste gongen Anders Iversen slo småtromma var då general Rotcher Nilssen vitja bygda.

- Far var 82 år den gongen, og følte seg dårleg då han kom heim att etter at oppbudet på Øyri var ferdig. Sonen Johan ringte til Balestrandoktoren. - Det er ikkje hjelp i å ringja etter doktor. Eg kjem til å døy no, var siste orda Johan fekk høyra av faren. Berre minuttar seinare var det over.

Speleforbod under krigen

Sidan oppstarten har Johan Andersen vore med kvart einste år. - Før kalla vi det berre for 17. mai-korpset. Som regel vart det berre nokre øvingar før høgtidsdagen, og dirigent mangla vi lenge.

Vik Musikklag øvde og under krigen, sjølv om alt lagsarbeid vart forbode, laget dreiv på i løynd så lenge dei kunne. I 1943 vart det faktisk ei «offisiell» opptreden. Då var laget samla i Fridtjovparken og Balestrand Musikklag kom over fjorden på vitjing. Mange menneske var møtte fram for å høyra og sjå.

- Med freden i 1945 reiste musikklaget til Lærdal og deltok på sitt første stemne etter krigsutbrotet, hugsar Johan. Sjølv var han i det militære i Lærdal saman med broren, og var med på fleire speleoppdrag saman med Lærdal Musikklag.

- Forutan krigsåra har eg spela i kvar einaste 17. mai-feiring. Eit par pausar har det og blitt dei siste åra, seier Johan. Det har sin naturlege forklaring, Johan er hjarteoperert og har tre gonger kjempa mot infarkt. - På grunn av pusten tolte eg ikkje marsjeringa. No føler eg meg pigg og ser fram til denne jubileumskonserten, seier Johan.

- Kva er årsaka til at du har vore så trottig?

- Intereasa for det ein held på med er viktigst dersom ein skal vera med i eit lag. Er du med, så må du og ofra ein del, seier Johan.

Sjølv meiner han musikken har vore framifrå hobby. Den eine fellesøvinga for veka er ein kjekk måte å samlast på. - Litt gnisningar har det vore inn imellom, men jammen har miljøet vore flott.

Johan starta med althorn som første instrument, seinare stod tenoren for tur, i dag «slit» han med tubaen. - Det må ein del luft til for å få lyd i instrumentet med det svære munnstykket. Men alle blåseinstrumenta er krevjande på sin måte. Og verst er det under marsjering, seier Johan.

- Korleis opplever du musikklaget i jubileumsåret?

- Det er eit lag i stor framgang. Og alderspennet mellom medlemmene er fine greier. Vi eldste respekterer dei yngste, og omvendt.

Han nyttar sjansen til å retta ei solid takk til kommunen og bygdefolket som har vore flinke å til støtta laget. - Utan slik hjelpa hadde det ikkje vore musikklag i bygda, seier Johan Andersen.


Skrive av: Gunnar Kleven - Sogn Avis