Trygg og kreativ formidling


Sjøtransport frå Vikøyri

Johan Andersen fortel om lokal sjøtransport

Publisert: 1. mars 2020 09:37
Teksten handler om: Kultur, Skomakarverkstaden

Så lenge det har budd folk på Vikøyri, har sjøen hatt stor betydning for mange av innbyggjarane her. Fram gjennom tidene har folk funne levebrødet sitt heilt eller delvis på sjøen. Fiske og sjøtransport var viktige yrke for mange og ei bra attåtinntekt for andre. I dag er dette langt på veg historie, og det pulserande livet slik det arta seg før krigen, kjem aldri attende.

Enno finst det folk som har opplevd sjølivet på Sognefjorden på godt og vondt slik som det eingong var. Ein mørk, tung novemberkveld har to av aktørane benka seg på skomakarverkstaden til Johan Andersen til ein prat om båtar og sjøtransport slik dei hugsar det frå sin ungdom. Både Johan Andersen og Leif Husabø har røynsle frå båtar som var i familiane deira si eige frå tida før og under 2. verdskrigen. Dei kan fortelja om slitet for utkoma, men også om gleda ved arbeidet i ungdomen.

«Yankee» og Thorsens notalag

Vikøyri hadde sitt eige notalag, og namnet på dette var Thorsens notalag. Notalaget eigde båten «Yankee». I brislingsesongen var «Yankee» i aktivitet i Sognefjorden, og då aller helst i Midtre Sogn og innover mot Gudvangen, kan dei to fortelja. Når dei hadde kasta, leverte dei fangsten ofte til Sardinen i Vik, men det hende også at brislingen gjekk til fabrikken på Hermansverk. Elles kunne dei då som no selja fangsten til oppkjøparbåtar som førde brislingen til Stavangerområdet.

Notalaget hadde seks delar. Thor Thorsen eigde notalaget og Andersen delte ein part med Øystein-Jo. I tillegg til desse to utgjorde Jens Størksen, Hans Thorsen, Martin Christensen d.e., Anders Iversen og Nye-Fargaren (Andreas Jensen) notalaget.

Utanom sesongen vart «Yanke&>» nytta litt til skyssbåt. Notalaget vart oppløyst like før krigen, og laget selde båten til Leif Larsen. Og i hans fartstid gjekk «Yankee» berre i transportoppdrag. Leif Larsen køyrde tidlegare drosje og gjekk no over til sjøtransport.

«Grieg»

«Grieg» var første båten til Markus Nese i Arnafjord, og Andersen kjøpte båten. Etter dei overtok «Grieg», fornya dei heile båten. Den tida Andersen dreiv båten, hadde han ei fleirdelt oppgåve. Johan kan fortelja at båten deira gjekk i skyssoppdrag. I tillegg nytta dei båten mykje til fiske. Familien dreiv linefiske og aurekasting, men ålefisket hadde størst betydning som inntektskjelde. Alefisket føregjekk frå Lånefjorden og innover langs strendene til Fresvik, og på begge sider av fjorden. Ålen vart levert levande til brønn båt, og mykje av ålen gjekk til ein oppkjøpar som heitte Bensen. Noko kunne han levera til Knutsen som dreiv hermetikkfabrikken på Hermansverk. Johan fiska saman med Arne, bror sin, men etter krigen tok ålefisket slutt. I 1947/48 vart «Grieg» seld til ein mann i Feios. Han hadde båten berre ei kort tid før båten på nytt kom til Vikøyri. Den siste gongen Johan Andersen såg den gamle familiebåten, var på Kaupangerbukta der han låg i forkomen tilstand utan motor.

«Laviken», seinare kalla «Viken»

Leif Husabø sin familie hadde også båt.

Dei kjøpte lensmannsbåten i Lavik frå Johannes Sandvik på Sagaflaten. Hans og Leif Husabø hadde denne båten i mange år. Båten skifte no namn frå «Laviken» til «Viken». Husabø dreiv helst fiske med båten sin, og han hugsar at dei delte året inn i tre sesongar. I området frå Vik og innover mot Aurland dreiv dei aurefiske om våren, linefiske om sommaren og vinterstid grov dei skjel. O-skjel var ei god salsvare som gjekk som agn til skreifisket på Lofoten. Oppkjøpar Anthonsen frå Bergen kjøpte opp skjel. Skjelgraving var eit tungt arbeid, og etter at dei hadde teke fangsten om bord, skar dei opp skjela, tok ut maten og salta han i åttringar (små tynner). Det gjekk eit kilo salt på ein åttring, minnest Leif Husabø. Det var smått om arbeid, og det galdt å finna ein leveveg. Også Husabø selde båten under krigen, og «Viken» hamna i Kvamsøy der han seinare gjekk til opphogging.

Stor småbåtflåte på Vikøyri

I mellomkrigstida hadde Vikøyri ein stor småbåtflåte. Vik var eit transportknutepunkt, og sjøen batt den gongen saman. Vik låg utan vegutløysing i alle retningar, og folk måtte ty til sjøtransport når dei skulle ut av bygda. Fylkesbåtane sitt rutenett var ikkje så godt utbygt, og småtransporten til og frå hovudavgangane frå Vik utførde dei mange skyssbåtane på Vikøyri. All offentleg transport av lege, dyrlege, prest og lensmann gjekk til dei lokale transportørane. Agentar var ei stor brukargruppe og litt turisme kunne også førekoma. Mange kunne ta på seg skyssoppdrag.

Kvamme eigde skyssbåten «Solo», seinar «Ramona», Rivedal hadde skyssbåten «Rival», Christensen var eigar av «Hauken» som både gjekk i fraktefart og tok skyssoppdrag. Dokter Eng brukte sin eigen båt «Ulabrand». Thune-Jo kjøpte denne, men båten vart seinare seld til Fjærland.

Då Knoff kom til Vik, hadde han med seg båten «Fløyen» frå Bergen, men skifta denne seinare ut med «Tya». Edvard A. Vikøren sine båtar «Vesla» og «Bølgen» var velkjende innslag på Vikøyri, Edvard A. Vikøren hadde også overteke båten «Sjøfugl» etter dokter Eng. Denne båten vart seld vidare til «Clemment-Arthur» som i sin tur selde til Johan Sylvarnes og Fargar-Jens. Notalaget på Vikøyri hadde også eigen båt som gjekk under namnet «Sameigni». Etter krigen kjøpte Herman Vikøren båt. Denne heitte «Solveig». Familien Pettersen har heilt fram til no drive fraktefart.

«Skipet lasta med spekesild»

Mange bønder gjorde god handel på sal av frukt, poteter og kjøt. Kristen Hopperstad var blant dei som hadde gjort det bra i Bergen. Han investerte noko av fortenesta si i eiga skøyte og returnerte frå Bergen med skipet full-lasta med spekesild. Han reiste til Vik og bygdene i Sogn og selde lasta. Det vart med denne turen.

Båtane forsvinn

Under siste krigen og fram mot 1950 avhenda dei fleste på Vikøyri båtane sine. Trongen for privatskyss minka etterkvart som dei offentlege rutene vart bygde ut, og trafikken vart lagd om frå sjø til land. Skysstrafikken hadde gitt bra innkome og 10 kroner for eit skyssoppdrag til Balestrand eller Arnafjord tykte dei var god betaling for ein dagstur. Drivstoffet var heller ikkje dyrt i dei to heimelsmennene mine sin barndom. Johan Andersen hugsar at dei brukte å bunkra frå tank i Kvamsøy for 8 øre pr. liter diesel. På forretningane i Vik kosta dieselen 2-3 øre meir for literen frå fat. Det løna seg å kjøpa i større kvanta om gongen.

Skomakaren attende på verkstaden

Johan Andersen slutta å livnæra seg frå sjøen etter krigen. Han gjekk i skomakarlære hjå Fargar-Lars og vart utlærd skomakar 18 år gamal. Læretida den gongen var som no 3 år - den gongen utan eitt øre i løn. Familien måtte støtta han, men sjølv om han var faglærd skomakar, prøvde Johan seg i andre yrke. I hans ungdom dreiv 7-8 personar meir eller mindre aktivt skomakaryrket i Vik. Etter krigen tok Johan opp att faget sitt, men 50 år gamal skifta han på nytt og arbeidde ei tid i VIBRU før han fekk seg arbeid på Vik Verk. Som pensjonist har han gått tilbake til skomakarverkstaden der han no driv med reparasjon på hobbybasis.

På eit vis er ringen slutta for den gamle skomakaren. Han er attende i den same verkstaden der han tok svennebrevet sitt 18 år gamal. Stova, maskinene og skomakararbeidet er det same, men no er han åleine i Vik som driv dette eldgamle faget.


Skrive av: Kjell Bergford

Pdf: Orginal artikkel frå Pridlao 1991