Trygg og kreativ formidling


Flikkar sko, spelar tuba og fiskar

Interjuv

Publisert: 15. mai 2020 09:59
Teksten handler om: Kultur, Skomakarverkstaden

Johan Andersen (71) har verkstaden sin i eit lite, gamalt tømmerhus som ligg inneklemt mellom andre små gamle tømmerhus på Øyri. Han er no pensjonert, men enno kan han av og til sjåast gjennom glaset, der han sit i det svake lampelyset, bøygd over slitte sko.

Når han ikkje flikkar sko er han ute og fiskar eller putlar heime. Ein gong i veka er han på musikkøving i Vik musikklag, som han var med å starte opp for 55 år sidan. Eg er i dag den einaste som er att av dei som starta opp laget, seier han, og skuvar sixpencen litt bak i nakken.

S/SA: Borgvald Moen

Johan Andersen gjekk i skomakarlære i tre år, i den same verkstaden han no held til i.

— Eg var I5 år då eg byrja, og 18 då eg var ferdig utlært, seier han. Han har ikkje vore skomakar heile tida, han har vore ute på vegarbeide, mellom anna var
han med på det fyrste arbeidet som vart gjort på vegen til Voss. Ei tid hadde han skyssbåt og under krigen dreiv han ålefiske.

— Det var fin forretning, seier han.

Etter krigen vart det militære i Lærdal, og i 1946 slo han seg til som skomakar i Vik. Dei siste åra før han vart pensjonist arbeidde han på Vik Verk. No driv han sitt gamle fag på hobbybasis.

SYDDE FOR HAND

Då Andersen dreiv som skomakar, var det mest snakk om å lage nye sko. I dag er det berre flikking og småreparasjonar.

— Vi sydde for hand, og brukte 20 timar på eit par sko, betalinga var på rundt 80 kroner for eit par nye sko, seier han. Dette var rett etter krigen. Frå desse 80 kronene må ein då trekkje materialutgifter, så det vart ikkje så store timeløna att.

HAR TEKE SEG OPP ATT

— Eg trur det må vere vanskeleg å ha skomakaryrket som levebrød i dag, men det
verkar som det har teke seg noko opp at dei siste åra. Dei seier at folk ikkje har så god råd i dag som for nokre år sidan, så dei lyt reparere skoa sine litt før dei kastar dei, smiler han.

- Det er vanskeleg å seie kva eg hadde satsa på om eg hadde vore ung i dag, men truleg hadde eg ikkje satsa på skomakaryrket, seier han, men påpeikar at det nok er viktig med skular og utdanning i dag.

— Eg har ein son, men han kan ikkje sy eit sting, han er elektrikar i Nordsjøen, seier Andersen.

GOD TID UNDER KRAFTUTBYGGJINGA

— Då eg gjekk i lære var det rundt 6-7 skomakarar her i Vik, og alle hadde eit levebrød. Dei seier at det var rundt 10 skomakarar her rundt århundreskiftet. Den beste tida for oss skomakarar var under kraftutbyggjinga, då var det mange folk og mykje arbeid her. Den fyrste kraftutbyggjinga var frå 1956 og 3-4 år framover. Så var det ei for rundt 20 år sidan. På den tida hadde eg også mykje arbeid frå Balestrand. Kvikne tok imot for meg.
Då gjekk det an, smiler skomakar Andersen, og legg til at han tykkjer det er trist at grunnlaget for å drive handverk er vorte så dårleg. i

— Her var mange snekkarar, skreddarar og andre handverkarar. Desse hadde tidlegare mykje å gjere, no er det ingen att, men det er jo tida det, veit du, seier han.

VAR BETRE SKO FØR

Jamt over var det langt betre sko før i tida, seier han, skorne var sydde med beksaum, i dag er dei vanlegvis berre limte, seier han,

— Mesteparten av skorne i dag er berre til bruk og kast, dei dyraste skorne ein får kjøpt i dag kan likevel vanlegvis reparerast, seier han.

SPELAR TUBA

Johan Andersen var med å starte opp Vik musikklag for 55 år sidan.

— Far min var militærmusikar, han spela tenorbasun. Bror min, som også var med på å starte opp musikklaget, var dirigent her i Vik. Han er no død, og eg er den einaste som er att av dei som starta opp musikklaget, seier Andersen, og legg til at ein har eit godt korps her i Vik.

Johan Andersen er framleis på øving med tubaen sin ein gong i veka.

— Tubaen er eit stort og dyrt instrument, den eg no har kostar i dag rundt kr 33.000. Fyrst spela eg althorn, så tenor. Ein gong då vi skulle ut på stemne var bassblåsaren sjuk, då laut eg overta tubaen, seier han, og legg til at han også tidlegare hadde spela tuba, nemleg då han var i det militære i Lærdal.

Johan Andersen har ingen planer om å avvikle heilt nede i verkstaden sin.

— Eg er snart 71, og er her berre når eg har lyst, seier han, og legg til at det vert lange dagar om ein berre skal gå og drive.

— Når eg ikkje er her er eg enten ute og fiskar eller putlar litt heime, seier han, og legg til at fisket har vore dårleg i år, men at han likevel greidde å få opp juletorsken.


Skrive av: Borgvald Moen - Sogn Avis