Trygg og kreativ formidling


Skomakar Andersen i Vik har blitt ved sin lest

Avis intervju

Publisert: 15. mai 2020 10:47
Teksten handler om: Kultur, Skomakarverkstaden

Det er nok Henki Kolstad og jul mange tenkjer på når dei høyrer namnet skomakar Andersen. Men i Vik bur det ein verkeleg skomakar med det same namnet. Sjølv om ikkje skomakar Andersen i Vik har nokon Tøfflus, er han minst like blid og koseleg som sin namnebror på TV.

Då Johan Andersen (73) gjekk i lære var det heile 10 skomakarar i Vik. No er det ingen att i heile Sogn. Tidene endrar seg, og nye teknikker og behov har gjort skomakaryrket overflødig — i alle høve i si handverksmessige form. Skomakar Andersen ristar lett på hovudet når han nemner dei nye «flikk-barane» som har kome her og der i dei større byane. Det er ikkje mykje handverksmessig der, tykkjer han.

Johan Andersen er forlengst pensjonert — men likevel er han blitt ved sin lest i sin gamle verkstad. På hobbybasis. I

SD: ROBERT HANSEN

Det lyser nostalgi ut frå den gamle verkstaden til skomakar Andersen på Vikøyri. Gamle symaskinar og eit nedteke skilt vitnar om ei tid då handverkarane spela ei stor rolle i samfunnet. Ei tid då kvalitet og ikkje kvantitet var det viktigaste.

BYRJA SOM 15-ÅRING

Johan var berre IS år gammal då han gjekk i lære hos skomakar Lars Johnsen. Dei heldt til i akkurat det same huset som i dag, og arbeidde med nye sko, helst handsydde beksaumstøvlar. Men under krigen var det ikkje så mykje arbeid for skomakarane. Difor gjekk Johan over til å jobbe med skyss og fiske. Dei beste åra for skomakarane i Vik var under kraftutbygginga på 50-talet. Då var det så mange folk som ville flikke og såle skoa sine at det var marknad for heile 10 sko- makarar i vesle Vik.

HANDVERKET BLEI FOR DYRT

Men så gjorde styresmaktene slik at dei fleste handverkarane måtte leggje ned. Dei blei m.a. innført moms. Dermed blei små reparasjonar dyre, og I mange høve lønna det seg å kjøpe nye sko i staden for å reparere dei. Skomakaryrket var på veg å døy ut. Johan byrja då på sveisekurs i Høyanger, og fekk seinare jobb i galvaniseringshallen på Vik Verk.

TILBAKE VED SIN LEST

Men etter at han nådde pensjonsalderpn har han vendt tilbake til sig lest, sjølv om det no berre & på hobbybasis.

- Eg hår ingen faste opningstider, og tek eigentleg ikkje imot skojog støvlar lengre. Men det hender jo at nokon kjem og spør meg om småreparasjonar, pga då gjer eg det for ein symbolsk sum, fortel skomakar Agdersen.

TRIVST I VIK

-Sett bort frå litt flikking no og då, prating med gamle vener og forging. brukar Johan Andersen det meste av tida si på hus og hage.

-Vi har det fint i Vik, seier han, men vi skulle gjerne hatt ein heilårsveg til Voss......

- No driv eg berre på hobbybasis, seier Johan Andersen.


Skrive av: Robert Hansen - Sogn Dagblad