Trygg og kreativ formidling


Johan Andersen

Bilde m.m.

Publisert: 15. mai 2020 11:04
Teksten handler om: Kultur, Skomakarverkstaden

Her er nokre bilde av Johan Andersen som ein har fått lov å nytte av familien hans.

Ein har også lagd ved jubileumshefte for Vik musikklag sitt 50 års jubileum i 1983. Musikklaget og musikk var ei stor interesse for Johan og han var ein sentral bidragsytar i det lokale musikklaget.

Sjølv har eg aldri møtt Johan, men etter å ha snakka med naboar og familie så har eg fått eit klart inntrykk av ein omgjengeleg og sosial person som var stolt over skomakaryrket. Det har ført til at det har vorte ekstra kjekt å vareta dette levande minnet som står at etter den siste skomakaren på Vikøyri. Med Johan Andersen gjekk ein langvarig og lokal handverkar tradisjon bort.

Her på Vikøyri var det ikkje så mange moglegheiter, men dei som budde her fann likevell måtar å overleve og mange dreiv eit eller fleire handtverk. Difor var det mange små entreprenørar av ymse slag i dette nabolaget.

Ein stor takk til døtrene til Johan Andersen; Inger og Astrid, som har stilt opp med verkstad, informasjon og bilde,


Skrive av: Lars K. Hansen

Pdf: Jubileumshefte for Vik musikklag 1983