Trygg og kreativ formidling

Jon Oddvar Myrkaskog

Lokal kunstnar frå Vik

Publisert: 3. juli 2020 11:15
Teksten handler om: Kultur, Fjord -kultur

Jon Oddvar fant tidleg ut at han likte å teikne og det vart lagd merke til at han hadde evner i den retningi. Og etter han hadde gjort ferdig med grunnskulen reiste han til Stavanger og tok fag utdaning på reklame teiknar lina på Stavanger yrkesskule.

Når skulegangen var ferdig, med grunnskule og fagutdanning vart det eit år i militæret for Jon Oddvar.

Etter militæret begynna han å jobbe som teiknar for Dagbladet på Sørlandet. I den jobben kom han i kontakt med fleire andre som jobba med kreative yrke. Men det var reklameteiknar han hadde utdanna seg til og ønskte å jobba som. Og etter ei stund som teiknar for Dagbladet kom han i kontakt med Strømmes reklame i Kristiansand som han fekk jobb hjå med fyrste forsøk.

Det var i 1976 Jon Oddvar byrja i reklamebransjen og då i Strømmes Reklame i Kristiansand. Men etter nokre år på Sørlandet som både avis og reklameteiknar freista det med nye utfordringar. Det fann han i Oslo der han med tida jobba i tre ulike reklamebyrå gjennom 1980 -talet.
Det første var Klar Tale, etter det var det hjå AB -Beats og til slutt hjå Take Off. Å jobbe i store reklamebyrå i Oslo var interessant og lærerikt, men også krevjande med eit stort arbeidspress.

Difor vart det til at Jon Oddvar etter desse åra begynna med si eiga verksemd, der han kunne fortsette å utvikle det han heldt på med meir slik han sjølv ønskte. Først i Eidsvoll, der han budde gjennom alle dei åra han jobba i Oslo. Men så vendte han nasen heimover til naturskjønne Vik der han er oppvaksen. Her driv han fortsatt med teikning, måling og utfører ulike oppdrag.

I slike flotte omgjevnadar som i Vik finnes det mange motiv og nokon av dei har blitt foreviga på ein unik måte av Jon Oddvar.

Her kan du sjå nærmare på enkelte av Jon Oddvar sine måleri og logoar teikna som han har teikna. Nokon av måleria er måla på oppdrag for kundar og er av personar som han kjenner og enkelte andre motiv.


Skrive av: Lars K. Hansen