Trygg og kreativ formidling

Vikøyri

Sentrum i Vik kommune og området rundt.

Publisert: 6. september 2019 13:35
Teksten handler om: Kultur, Stad

Vikøyri er eigentleg kun området i sentrum, men i denne samanheng vert heile bygda Vik tatt med inkludert dalar, Seljadalen, Bøadalen og Ovrisdalen.

Her (under) er litt om den historiske bakgrunnen til Vikøyri. Når det kjem til gardar, dalar m.m. vil dei komma tilgjengeleg etter kvart som det blir skrive om dei i kategorien stader.

Vikøyri er namnet på området mellom elvane Vikja og Hopra. Stundom vert namnet og nytta på heile bygdi Vik. I daglegtale i Vik seier ein berre Øyri. På austsida av Vikja ligg ei mindre husklyngje som vert kalla Vetløyri eller Seimsøyri. Namnet Seimsøyri kjem av at gardane på Seim eigde området. Sistelekken -øyr tyder området der ei elv renn ut i sjøen eller fjorden.

Vikøyri har ei soge som skil seg mykje ut frå resten av bygdi. Jordbruket har vore den viktigaste næringsvegen i Vik, og storparten av folk budde på gardar og husmannsplassar. Men dei som budde på Vikøyri budde i ein liten landsby og hadde ikkje åker og eng rundt husi sine som dei kunne livberga seg av.

Landsbyen eller tettstaden Vikøyri har vore temmeleg stor. Det var ikkje så uvanleg med tettstader kring bergverk, jernverk og annan industri eller ved kysten pga. skipsfart eller fiske. Men ein så stor tettstad i ei jordbruksbygd er uvanleg, men me finn det same i Sogndal og Lærdal. Alle tre stadene vart kalla strandsitjar stader eller strandstader. Dei fyrste som slo seg ned på denne flata langs strandkanten var fattigfolk. Dei fekk gratis tomt eller svært billeg tomt, gjerne med arbeidsplikt hjå eigaren som betaling. Ein typisk strandsitjar livberga seg ved å arbeida kringom på gardane i bygdi, leigde ein liten åkerflekk, hadde nokre få sauer i kjellaren og fiska litt til matauk. Men mange levde og av å vera handverkarar, snikkarar, smedar, skomakarar, blekken-slagarar og anna.

| 1900 budde det 464 menneske på Vikøyri. Husi stod tett, og brannfaren var stor. Strandsitjarstadene slik me kjende dei fram til 1960-tallet, er i ferd med å forsvinna eller dei forandrar seg sterkt. Der var mange butikkar, handverkarar, verkstader, lagerhus og naust. Her var og oftast ein gjestgivar og ein skysstasjon og nokre stader kunne lensmann, fut, sorenskrivar halda til her. Ofte var det og ein ekserserplass. Slik var det og i Vik. Den fyrste ekserserplassen i Vik låg nede på Vikøyri før det vart flytting til Moane, sør for kyrkja. Ein årleg marknad var vanleg, i Vik var det Mikkelsmessehelgi (29. september) som var marknadstidi i Vik. Det var serleg mange vesser som strøymde til bygdi, og handelen gjekk livleg, men det var og leik, dans og slåsting. Det enda med drap i 1891, og etter den tid dabba mikkelsmessestemna av.

Mange stader har det skjedd ei ny sentrumsutvikling. Sentrumsfunksjonane med butikkar og andre tilbod har til dels vorte flytta vekk frå strandstadane. Det har skjedd i Vik med Coop-butikken og Vikjatunet. Det er att nokre butikkar, men kontor, kafe og frisørsalong har overteke. Det same har skjedd i Sogndal, der Sogningen Storsenter er plassert på sørsida av Gravensteingata.

I dag er det stillare på Vikøyri samanlikna med forholdi for nokre tiår sidan. Det var skreddarar, skomakarar, blekkslagarar, smedar og andre som dreiv sitt handverk der dei budde. Der kom og gjekk folk heile tidi, det kunne vera kundar eller berre folk som stakk innom for ein prat. Det var eit aktivt sosialt liv, folk var mykje i lag og vitja kvarandre. Det var og eit pulserande liv ute.


Skrive av: Arne Inge Sæbø