Trygg og kreativ formidling

Voss Anders huset

Autentisk "kombihus", bustad og fjøs

Publisert: 11. september 2019 09:03
Teksten handler om: Kultur, Bygg

Dette er einaste attverande huset på Vikøyri som har bustad i eine delen og sauefjøs i den andre. Mange hus på Vikøyri var slik innreia. I fjøsdelen var det plass til 5-6 sauer. Dei som budde her hadde og ein gris og nokre høner. I tillegg dyrka dei poteter på den vesle jordlappen ved huset.

Her budde Anders Person Vikøren (1854-1924) og kona Anna Jonsdotter Vikøren (1853-1902) med 8 born. Familien budde trongt som vanleg var.

Anders arbeidde på Hopstock sag som låg ved Kyrelvi. I tillegg laga han river, soplimar, viskar o.a. som han reiste til Bergen og selde på Torget. Om somrane arbeide han som slåttekar i Bergensområdet.

Kona Anna spøta, spann og vov, og ho hadde symaskin som vart nytta flittig. Ho tok og på seg finvask, dvs. ho vaska dåpskjolar, bunadshuver og bunadsskjorter. Anna var og nytta som kokke i bryllaup og selskap. Attåt alt dette fiska Anders mykje, familien hadde alltid kokefisk, og det som dei ikkje kunne nytta sjølve, bytte dei med andre varer hjå bøndene i bygdi. Slik klarde familien seg ved hardt arbeid.

Dette huset vart bygt 1879, og det hadde opphavleg stått på Tenål (ein gard i Vik) og vart sett opp att her på Vikøyri.


Skrive av: Arne Inge Sæbø