Trygg og kreativ formidling

Borgstova

Sjøtungarden

Publisert: 11. september 2019 12:45
Teksten handler om: Kultur, Bygg


Dette huset som vert kalla Borgstova tilhøyrde Sjøtungarden. Den garden eksisterer ikkje lenger. Garden er selt ut i små-partar, og mesteparten har vorte til bustadtomtar.

Garden har og vore kalla Skaffargarden, Aallgarden og Oberstgarden (Ovestegarden). Skysskaffaren budde her, Aall er namnet på familien som åtte garden tidleg på 1900-talet og namnet Oberstgarden kjem av at offiserar på ekserserplassen Viksmoen åtte garden lenge. På Sjøtun budde fyrste ordføraren i bygdi, Christian Fredrik Fasting (1799-1887), og her var og fyrste posthuset i Vik frå 1844 til 1864.

Sjøtungarden hadde eit flott stovehus i si tid, men huset brann i 1938. Ein ny stor driftsbygning Ara vart bygt i 1917, der var det oste-produksjon ei tid, seinare lager og bustad. Huset vart rive hausten 1999.

I dag er det att berre Borgstova og ei gamal kornturke frå den gamle Sjøtungarden. Borgstova vart bygd i 1864.
Borgstover fanst på mange gardar. Husi vart nytta til tenarane, dei budde der. Denne borgstova vart etter krigen og fram til 1970-åra nytta som bustad. Stova er restaurert og vert nytta til kulturarrangement, møte og til ymse slag tilstellingar.


Skrive av: Arne Inge Sæbø