Trygg og kreativ formidling

Frelsesarmeen

Tomtebu 5

Publisert: 11. september 2019 17:13
Teksten handler om: Kultur, Bygg

Det fyrste Frelsesarmebygget i Vik stod tett ved riksvegen nordvest for Vik Bil. Bygget heitte Ebenezer og høyrde opphavleg til ei metodistisk sekt og vart bygt i 1895. Det vart sett opp med amerikansk kapital. Leiar i Vik var Sivert V. Ulness med ætterøter i Sogndal. Ulness-flokken var frimetodistar og praktiserte vaksendåp i sjøen framfor naustrekkja. Metodistane gav ut eit blad, "Ildtungen”, seinare vart namnet ”Sandhed og Frihed”. Bladet vart trykt i eit naust nede på Vikøyri.
Etter at rørsla vart lagd ned i Vik, leigde Frelsesarmeen huset frå 1913 og seinare kjøpte dei huset. Frelsesarmeen fekk nytt bygg I 1963, og det står heilt nord i byggefeltet som heiter Tomtebu.

Både Frelsesarmeen og Bedehuset hadde ein viktig plass i det gamle bygdesamfunnet,dei var begge forsamlingshus for øyringane og resten av bygdi. Her var det møte eller tilstellingar så å seia kvar veke, ofte fleire gonger i veka. Frelsesarmeen arrangerte sundagsskule for born med så stor oppslutnad at det måtte delast i eldre og yngre gruppe. Kvart barn hadde bok der dei fekk stempel for kvart oppmøte, og på slutten av året vart det delt ut premiar etter deltakingi. På Frelsesarmeen fekk borna dramatisert og fortalt forteljingane frå Bibelen.

"Frelsesarmeen i Vik er framleis aktiv og har møter med jamne mellomrom og har ei svært aktiv kor-gruppe som vert kalla strengemusikken og syng både på Frelsesarme bygget og ved andre høver"


Skrive av: Arne Inge Sæbø + Lars(ekstra text)