Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn

Aksel Larsen

Siste roande omstreifar

Publisert: 12. september 2019 11:34
Teksten handler om: Kultur, Taterbåten

No må du ikkje dryga lenge før du kjem att, Aksel, det var kjekt du kom. Dette var den vanlege helsinga Aksel Larsen fekk med seg kvar gong han tok farvel med gards- og grendafolk, fiskarar og kjøpmenn, og reiste vidare i færingen sin med blekk og verkty, matskreppa og kvitlar. Meinkjend vart han der han for. Kvar bukt, kvar holme og kvart naustloft kjende han som si eiga bukselomme, og heile Sogn og Fjordane hadde han som marknad. Kanskje kunne han forlist ein stormdag på Stavfjorden, kanskje kunne han ha sovna ved årene ei stille nattestund. Men nei, Aksel Larsen vart etter kvart ein dugande sjømann, og attpå hardbarka. Rodde fjordane, havet og øyane rundt. I dag er han 89 år gamal og har lagt årane inn den roande omstreifaren som i heile livet sleit tofta for å fø seg og sine.

Det ér ikkje lenge sidan blekkmakaren tok farvel med båten sin, og kanskje var han den aller siste som firkka rundt. med kram og blekk-kjerald, selde, baud og kjøpte, sov og åt når det passa, og slo av ein prat med kjende og ukjende. Han bar sit eventyrleg liv i friskt minne når han no slappar av på Askvoll Aldersheim.

FOLKEKJÆR HANDVERKAR

Folk bisnast når det kom farande fant til gards, det vart reine stordagen både for born og vaksne. Grenda bodet gjekk om nyhendet, og brått fekk folk det travelt med å setja i stand dørlås og krokar, skalka luker for matbuer og hønsehus. Berre låve og naustloft sto opne, for dei farande skulle ha sitt bol. Folk såg til vanleg og i mange høve med rette på eit fantefylgje som noko utanom, dei var annleis. Berre ikkje Aksel Larsen. Han var ingen omstreifar av det slaget, men ein godmodig og folkekjær handverkar. Andletet hans for- fel om eit langt liv i rørsle. Dei markerte, furete draga, dei lune, men skarpe augo, vitnar om sjøsprøyt, slit og eventyr.

Eg kom til verda i Askvoll i 1882 som yngstemann i ein barneflokk på tolv, fortel Aksel Larsen. Kampen for levemåten var beinhard, og eg som var yngst, måtte oftast nøya meg med minst. Foreidri mine var Lars Børresen og Marta Akselsdotter, men meir kjende vart dei under namna Børe Lars og Børe-Marte. Det flakkande blekkmakaryrket har eg i arv frå dei, eg var berre ein liten bylt i bakskuten, då eg fyrst fekk kontakt med handel og vandel.

Korieis gjekk handelen?

-Oftast godt. Eg var godt kjend alle stader, og hadde elles eit godt rykte. I den fyrste tida, tok eg 1 krone for eit 8- liter-spann, no er prisen 13 kroner. Kom eg over gamle tinnfat og koparkjelar rundt på gardane, kjøpte eg dei for nokre få slantar og selde dei att til prestane og tente gode pengar.

Ein gong kjøpte eg feilvarer på knivfabrikken i Holmedal, rodde på i Sula og vende det til ei forteneste på fleire hundre prosent.

GOD SJØMANN

Var det ikkje eit farleg yrke? :

-Det var vel helst det. I nordvest storm på Stavfjorden var eg ille ute ein gong. Færingen var lasta med blekk. og eg var på veg til Florø-landet. Då trudde eg at eg var på mi siste reis, men eg visste eg var ein god sjømann, leit på det, og sanneleg gjekk det godt.

Ein annan gong låg eg ved kai i Bergen. Eg hadde lasta færingen med blekk, og la meg til å sova under seglet, for eg hadde ikkje tenkt å ta ut før på morgonen. Brått høyrde eg åretak gjennom svevnen. Eg tok tak i Moro kniven, som eg hadde ved sida, og spratt opp or seglet. Det sat då to lasaronar ved årane, og jamen vart dei flate då dei såg meg og kniven. Me var komne ut på Byfjorden, og eg gav streng ordre om vendereis. Det vart ikkje nokon fangst på by-slauren den gongen.

OMSTREIFAR AV FINARE SLAG

Aksel Larsen. roande omstreifar av eit finare slag, sette merke etter seg langs kysten frå Måløy til Bergen, frå Solumd fil Lærdal. I 62 år sleit han tofta og var skippar på eiga skute. Fri mann på alle vis, fekk aldri krav på trygder og avgifter, og skatt har han aldri betalt.

Eg har levd eit sunt og friskt liv, seier Aksel Larsen. Eg er nøgd med alt, har aldri hatt uvener, og mange er det som saknar meg og båten. Det hadde elles vore moro med ein tur att med takrenner til Sogn, kanskje, smiler Aksel Larsen lunt under den vide hattebremmen.


Skrive av: Mathias Stang

Pdf: Orginal avis artikkel