Trygg og kreativ formidling

Fiske Guri huset

Det minste huset på Vikøyri

Publisert: 2. september 2019 17:23
Teksten handler om: Kultur, Bygg


Dette minste huset på Vikøyri, vert kalla Fiske Guri Huset etter Guri Jonsdotter Vikøren som levde i tidsrommet 1845-1929. Ho budde i huset fram til ho døydde i 1929. Guri hadde vore gift med Lasse Larsson Vikøren (Fiske-Lasse) 1853-1897. Familien budde på Sæle i Kvamsøy til Lasse døydde berre 44 år gamal. Etter det flytta Guri med ungane til Vik.

Huset har berre ein gang og ei stove og huset hadde opphavleg torvtak. Etter 1929 har ingen budd i huset, men det var nytta som lager for sonesonen som dreiv kommisjonshandel for ein ullvarefabrikk. Han fekk huset bygt om og la på nytt tak i 1936, det var då det fekk den utsjånaden det har i dag. Huset vart etter det restaurert på ny i 2002.

Fiske Guri var ein av dei mange fattige på Vikøyri som måtte ha hjelp for å klara seg. Ho livberga seg som så mange andre øyringar ved å ha nokre få sauer, leigde seg ein åkerflekk og arbeidde på gardane kringom i bygdi i onnene. Ho fekk leiga huset av Sjøtungarden med å gjere pliktarbeid på garden. I tillegg dreiv Guri med spinning og veving. Men ho måtte som så mange andre ha hjelp av fattigkommisjonen.

I 1916 og fleire år framover fekk ho 5 kr i julebevilling. Ho fekk og tilskot frå eit legat som heitte Fastingslegat, av det fekk ho 15 kr i 1922.

Guri og Lasse hadde tre born som vaks opp, Johan 1876, Jensina 1879 og Anna 1886. Johan og Anna hamna i Bergen, og Jensina vart gift i England.


Skrive av: Arne Inge Sæbø