Trygg og kreativ formidling

Larsen huset

Husvere og landhandel

Publisert: 17. september 2019 18:46
Teksten handler om: Kultur, Bygg

Dette huset fekk Christoffer Parelius Rasmussen (1826-1913) bygt. Han var landhandlar, postopnar og dampskips -ekspeditør. Christoffer dreiv med landhandel frå 1848 til 1882. Han dreiv landhandel her frå huset var nybygd til 1865, då kjøpte han nabohuset der Dampen er no, og flytta forretninga over der. Da Rasmussen slutta med handel, bygde han huset nedom meieriet.

Me finn at det fyrste gong vart halde branntakst på huset i 1849, då var det nybygd. Huset er truleg bygt av bergenssnikkaren Jan Lund (1808-). Han arbeidde fleire stader i Sogn midt på 1800-talet. Han var mest nytta til utforming av interiøret i husa. Særleg var han flink med listverk og utskjeringar. I Vik bygde han og Kålhagen, Lensmannsgarden i Bø og Valentinsgarden på Hove. Han bygde og prestegarden og lensmannsgarden i Sogndal, og Hansegarden og apoteket i Lærdal.

Martin Larsen (1873-1927) kjøpte huset i 1903. Han var bakar i eit bakeri som låg rett ovanfor dette huset. Det er etter han huset har fatt namnet sitt.

Etter at Larsenfamilien flytta ut, vart huset leigd bort til bustadføremål og der vart og ei tid drive utsal.

I 2002 kjøpte Ottar Wiik og Knut Iversen huset for å restaurera det og føra det tilbake til slik det såg ut opphavleg. Dei har brukt dei gamle listene eller fått spesiallaga nye slik dei opphavlege listene såg ut. Dei har og behalde dei gamle dørene som gjekk an å nytta, og fargane som er brukt er tidsrette. Legg merke til inngangspartiet, hjørnelistene og det valma taket.

Huset har vore nytta til fleire utstillingar.


Skrive av: Arne Inge Sæbø