Trygg og kreativ formidling

Stortinget

samlignstad langs naustrekka på Vikøyri

Publisert: 23. oktober 2019 13:12
Teksten handler om: Kultur, Bygg

Her vart det kalla "Stortinget, og dette var ein av fleire samlingsplassar på Vikøyri. Namnet kom nok av at det vart diskutert politikk her. Mange av dei gamle øyringane var ivrige Venstre-folk, medan den yngre garde halla meir til AP.

Etter at folk hadde fått seg radioar, var det mange som for heimatt når det var nyhendesendingar, og så kom dei att og fortalde dei andre siste nytt.

Det var og andre samlingsstader på Vikøyri, det var i det heile alltid mykje folk ute. På oppsida av kai bygget sto det ein benk som vart kalla Lassabenken. Når det var vorte vår og soli tok til å varma litt, var det alltid fullsett på benken.

I nærleiken her vart det spelt ørebank. Både born og vaksne var med, og det var 2-øringar eller 5-øringar som vart nytta.


Skrive av: Arne Inge Sæbø