"Free Open Source Software", på norsk: Fri programvare, med opne kjeldekodar. Eller berre "Fri programvare". Det er ein mykje nytta nemning for ulik programvare og tenester som er fritt tilgjengeleg for alle. Vel ein det som er Free Open Source Software plar ein også kunne nytte programvare som ikkje er styrt og kontrollert av andre.
"At menneske skal kontrollera maskinar og ikkje maskinar skal kontrollere menneske." Er blitt ein tanke som er viktigare å slutte opp om, enn nokon gong tidlegare. Denne nettstaden og det eg held på med er mitt vesle bidrag for ein friare verden, også på nett.
Her vil eg dele nokre tankar rundt dette emnet, men også enkelte råd og tips.
Kategori: FOSS
Debian er ein av dei eldste Linux -distribusjonane, 25 år, og er opphavet til mange andre distribusjonar, til dømes Ubuntu, Mint, Kali-Linux og mange fleire.
Debian opererer med ulike typar av distribusjonar, der kvar versjon av Debian går i syklusar og blir grundig testa og utprøvd før det endar opp som stable.
Mi eiga erfaring og ønskje når eg brukar Linux er at det skal vera stabilt og at alt virkar, difor er mitt val Debian Stable, men ønskjer du å få det nyaste så er kanskje Test og utviklar versjonane noko for deg.
Eigentleg er det mykje å seie om Debian, men du bør nok ha ei grunnleggjande forståing av Linux for å kunne nytte Debian fullt ut. For du må rekne med å bruke Terminal når du har Debian.
Ønskjer du ein enkel Linux -variant er kanskje Ubuntu å føretrekke, men eg anbefaler å lese ein opp og heller bruke Debian.
Meir informasjon kan du finne på blant anna Debian si eiga side.