Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn

FOSS

Free Open Source Software

"Free Open Source Software", på norsk: Fri programvare, med opne kjeldekodar. Eller berre "Fri programvare". Det er ein mykje nytta nemning for ulik programvare og tenester som er fritt tilgjengeleg for alle. Vel ein det som er Free Open Source Software plar ein også kunne nytte programvare som ikkje er styrt og kontrollert av andre.

"At menneske skal kontrollera maskinar og ikkje maskinar skal kontrollere menneske." Er blitt ein tanke som er viktigare å slutte opp om, enn nokon gong tidlegare. Denne nettstaden og det eg held på med er mitt vesle bidrag for ein friare verden, også på nett.

Her vil eg dele nokre tankar rundt dette emnet, men også enkelte råd og tips.


Litt om Open Source

None


Kategori: FOSS

Publisert: 25. november 2018 09:10

Eg skreiv tidlegare ein del innlegg om free open source som eg vel å bruka den nynorske nemninga for; fri og open programvare eller fri programvare med opne kjeldekodar. Det eg då skreiv la ut på heimesida mi, Linuxlars.org, før eg fekk eigen server og bytta over til Linuxlars.net

Fortsatt står linuxlars.org oppe sidan eg betalte for eit år om gangen.

Det er mykje som er blitt open source etter kvart, fordi også dei store teknologi selskapa har jo sett at open source er mykje betre og meir effektivt og fleksibelt enn andre proprietær løysingar som er tregare, ustabilt osv.

Det er ikkje slik at alt som i dag vert kalla open source, er fri programvare. Til dømes er Google sine tenester bygd opp med open source, men dei kan jo ikkje akkurat kallast frie.

Det går likevel an å vele løysingar som er både fri og med open kjeldekode. Når ein er i linux -verda vert dette ofte kalla for GNU/Linux. Og ønskjer du å nytta fri og open programvare bør du setta deg inn i om programmet du nyttar faktisk er GNU/Linux eller det berre kallar seg open source software og eigentleg er alt anna enn fritt.

Sjølv så prøver eg, i alle fall så godt eg kan, å bruke slik type programvare som er både fri og med opne kjeldekodar til absolutt alt eg gjer på pc og server.

No er det slik at mange av dei tenestene ein brukar er kontinuerleg kopla til internett og då kan det vere eit smart val å ha ein eigen server så ein faktisk har kontroll og oversikt over sine eigne ting og kor og kva ein lagrar og kven andre som har moglegheit til å sjå og bruke dine data.

Sjølv om eg prøvar å ha fokus på fri og open programvare, så kan eg ikkje gå god for at alle lenkjene og det eg visar til er like fritt alltid. Til dømes er det fleire selskap som har noko under betaling lisens og noko under fri lisens.

Er eg sjølv blitt merksam på dette vil eg skrive ein liten notis om det, vist det er noko eg sjølv skriver om og legg ut.

Men open source er alt eg kjem til å vise til her.

Skrive av: LARS

Bla gjennom: