Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn

FOSS

Free Open Source Software

"Free Open Source Software", på norsk: Fri programvare, med opne kjeldekodar. Eller berre "Fri programvare". Det er ein mykje nytta nemning for ulik programvare og tenester som er fritt tilgjengeleg for alle. Vel ein det som er Free Open Source Software plar ein også kunne nytte programvare som ikkje er styrt og kontrollert av andre.

"At menneske skal kontrollera maskinar og ikkje maskinar skal kontrollere menneske." Er blitt ein tanke som er viktigare å slutte opp om, enn nokon gong tidlegare. Denne nettstaden og det eg held på med er mitt vesle bidrag for ein friare verden, også på nett.

Her vil eg dele nokre tankar rundt dette emnet, men også enkelte råd og tips.


Django

Django er eit rammeverk for å setje opp web -applikasjonar med python


Kategori: FOSS

Publisert: 25. november 2018 09:14

Forklart enkelt så kan du bruka Django til mykje det same som til dømes Wordpress, men du må ha litt grunnleggjande forståing for python for å kunna nytta Django fullt ut. Og det er Python du nyttar heile vegen, ikkje php.

Å nytte Python i staden for php er berre ein stor fordel, det er mykje kjappare, tryggare og du har sjølv full kontroll heile vegen.

Det kan virka litt tungt å starte opp med Django, men når du først ha fått forståinga for korleis du lager og setter opp web- applikasjonar med Django vil du oppdage at du faktisk kan laga og få til kva du måtte ønskje og akkurat slik du ønskjer.

For min eigen del vil eg påstå at Django er det beste verktøyet for web eg nokon gong har vore borti. Årsaker til det er blant anna alle moglegheitene du kan nytta Django til og at ein står fritt til å lage og sette saman akkurat det ein ønskjer utan å vere avhengig av anna programvare enn database og ein server.

Du får moglegheit til å sette opp eigen nettstad og web -applikasjonar med script du sjølv sett saman og har full kontroll over.

Det eg setter opp med Django, slik som desse sidene, gjer eg på ein Debian server, med Postgresql som database og Nginx som web- server. Etter å ha prøvd meg fram og lese meg mykje opp har eg funne ut at den kombinasjonen gir størst fleksibilitet, kontroll, tryggleik og stabilitet.

Eg har også lagd ut eit lenkje for å sette opp Django, med postrgesql og nginx på Ubuntu 16.04. Sidan eg har funne ut at mykje av det som er skrive om Ubuntu 16.04 no er kommen over på Debian 9 Streech Stable. I alle fall er Digital Ocean sin tutorial som eg har lagd lenkje ut til også verksam for Debian 9 stable.

Ein ting med Django er at det tar tid å sette seg inn i alt ein kan gjere og det tar tid å lære seg. Faktisk veldig mykje tid, men du vil oppdage at det er verdt tida det tar når du ser alle moglegheitene etter kvart.

Ønskjer du å lese meir om Django anbefaler eg:

-Django sine eigne heime -sider,

-Mozilla sine Tutorials om Django,

-Django -girls sine tutorials

- Bloggen SimpleisBetterthanComplex.

Lenkjene til desse sidene finner du på sida her.

Skrive av: LARS

Bla gjennom: