Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn

Kristen Tru

Kristne tekstar og vitnesbyrd

Her vil det bli lagd ut tekstar, film m.m. med kristent innhald.

Denne kategorien er uavhengig det andre innhaldet, her på Linuxlars

Under kan du bla gjennom nokre tekstar eg har skrive og det vil om kort tid komme meir utfyllande innhald, også i denne kategorien.


Kom til Jesus

Kom til Jesus, uansett kven du er


Kategori: Kristen Tru

Publisert: 14. februar 2020 07:35

Galatarane 2:16

Men då vi skjøna at ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Jesus Kristus, då sette vi òg vår lit til Kristus Jesus, så vi kunne seiast rettferdige ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar blir ikkje noko menneske rettferdig.

At ingen kan verta frelst gjennom lovgjerningar vil også seie at sjølv om du har gjort feil og synd, så kan du likevell verta frelst. Uansett, kven du er, kva du har gjort og kvar du kjem frå. Det er aldri for seint eller for tidlega å oppleve Gud’s nåde og frelse. Om du bur i Arnafjord, Sogndal eller Fresvik. Gud er like levande og til stade, akkurat der du er og til ei kvar tid.

Høyrer du om namnet Jesus, så høyr godt etter.

Fordi Jesus var ingen vanleg mann, han var Gud’s son som levde på jorda for omlag 2000 år sidan. Han var den einaste feilfrie og alt han fortalte var sant. Han var utan synd. Og han gjorde det ingen andre kunne gjera, fordi han var og er Guds einborne son. Og i kraft av å vera den han er, ofra Jesus sitt eige jordiske liv, i truskap til Gud og i kjærleik til oss.

Dette gjennomførte han med overlegg, fordi det var dette som var målet hans. Det er meir enn me kan førestilla oss eller vere i nærleiken av å forstå. Eit liv utan synd og feiltrinn. Og på toppen av alt, ein pinsam død, spikra fast på ein kross.

Men Jesus stod i det og gjorde det han var utvald til.

På den måten sigra han også over døden, for både deg og meg. Etter døden på krossen stod han opp att, etter tre dagar. For sigeren over døden var vunne, ein gong for alle og for alltid.

Når han hadde sigra over døden og stått opp at, viste han seg først for dei som hadde følgt han, så for fleire andre. Etter ei stund fekk dei også oppleve at han forsvann føre augo på dei, i ei sky.

Noko seinare, etter han var gått opp i skya, var dei som kjende han og trudde at han var Guds son, samla. Då kom noko som likna ein eld over dei, og fylte kvar og ein av dei med Ande og kraft. Dette er Den Heilage Ande som fortsatt er verksam i dag.

Og etter Den Heilage Ande kom på pinsefestens dag, har kvar den som trur på Gud’s Son, vår Herre Jesus Kristus fått oppleve den same frelsa og den same Anden gjennom trua på Jesus.

Kvar einaste som kjem til tru på Gud’s Son, Jesus Kristus, får også i vår tid oppleve det same.

Gjennom trua på Jesus får ein frelse, tilgiving og Den Heilage Andes signing og leiing gjennom livet.

Visst det er nokon her som ikkje har opplevd å få bli frelst og fødd på ny, så er det fullt mogleg også for deg å få oppleve dette. Du treng berre å tru på Jesus.

Eg har opplevd frelse og signing i livet og det har mange av dei andre som er her i dag også fått oppleve. Det fyller livet vårt med ei meining som ikkje er mogleg å oppleve utan Gud.

Sjølv har eg også opplevd at trua på Jesus har gidd meg ein ny retning i livet, med fred, glede og kjærleik.

At kvar den som trur på Jesus liv, død og oppstode skal bli frelst, er eg difor eit levande vitne om. Fordi denne trua har endra mitt liv, radikalt.

Difor står eg også her i dag og oppmode dykk som ikkje er komme til tru, tviler eller kanskje har falle i frå: Jesus har også død for dykkar synder.

Om du ikkje tør seie det høgt med ord, her og no. Oppmode eg deg til å komme til han så snart du kan. Legg all tvil vekk, tru på Ordet om Jesus og sei det til Han, så skal du bli frelst.

Det betyr ingenting kva galt du har gjort, eller ikkje gjort. Du får likevell starte på ny og oppleve Gud kjærleik og godheit, i trua på Jesus. Heller ikkje ytre ting har noko å seie, korleis du ser ut, kor gammal eller ung du er, om du er trent nok eller ikkje. Om du jobbar for mykje eller for lite? Om du har god noko utdaning eller er smart nok?

Ingenting av dette har noko å seie, for Guds nåde er like tilgjengeleg for alle.

Gud gjer ikkje forskjell på folk, for alle er like verdfulle for Gud og han ønskjer at også du skal få oppleve fred, glede og kjærleik i ditt liv, gjennom trua på Jesus.

Galatarane 3:26-28

De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus.

Det er kun med tru kan du verta frelst. Og den einaste trua som kan hjelpe deg og gi deg frelse er trua på Jesus.

Visst du leitar etter forklaringa på livet på eiga hand, vill du aldri finne den. Men med Guds nåde kan du få oppleve å finne meininga, freden, gleda og kjærleiken som gjer livet og kvardagen din fullkommen.

Ta steget og kom til tru, for Jesus har kjøpt oss alle fri. Uansett kven du er.

Galatarane 5,6

For i Kristus Jesus gjeld det verken å vera omskoren eller å vera uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.

Skrive av: LARS

Bla gjennom: