Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn

Kristen Tru

Kristne tekstar og vitnesbyrd

Her vil det bli lagd ut tekstar, film m.m. med kristent innhald.

Denne kategorien er uavhengig det andre innhaldet, her på Linuxlars

Under kan du bla gjennom nokre tekstar eg har skrive og det vil om kort tid komme meir utfyllande innhald, også i denne kategorien.


Jesus vår Frelsar

Kort om kven Jesus er og korleis du kan møte Han


Kategori: Kristen Tru

Publisert: 5. september 2019 10:33

Jesus vart fødd i Bethlehem av Jomfru Maria og levde mesteparten av livet i Nazareth. Det står at han var ein pliktoppfyllande og klok ung mann og Guds son. Han levde ganske roleg liv fram til han i byrjinga av 30 -åra vart døypt av døyparen Johannes. Då kom Den Heilage Ande som ei due over han, når han kom opp frå vatnet og Johannes vitna at der kjem Guds son. Etter det vart han ført ut i ørkenen i førti dagar og førti netter, der han fasta og ba, utan mat og drikke både dag og natt. Etter førti dagar kom djevelen og freista han med ymse freistingar, som makt og verdiar, men Jesus sto i mot og djevelen måtte gi tapt. Etter det drog han tilbake til familien sin, i tillegg fekk han tolv disiplar, som følgde med han, resten av tida. Når han kom tilbake frå ørkenen byrja han å forkynne og gjorde mange teikn og under. Det første underet han gjorde var å gjera vatn til vin i eit bryllaup, han fekk tre fiskar og to brød til å rekke til fem tusen personar som samla seg for å høyre på han og han hellbreda mange. Og gjorde mange teikn og under. Blinde såg, lamme fekk gå og han sa at me skulle elska kvarande, som han elska oss. Etter ei stund reiste han til Jerusalem og fortsette verksemda si der og sa at Han var Guds son og at me måtte tru på Han og venda om frå vonde gjerningar. Han elskar alle sjuke og syndarar som trur på Hans namn og i Jesu namn er det legedom for alle som trur på han.

Etter ei stund vart han pågripen og korsfest fordi han sa at han var Guds son. Han døyde på krossen og vart gravlagd. Men den tredje dagen var grava hans tom og Han viste seg at, først for Maria Magdalena, så for dei tolv disiplane. Dei fekk og sjå såra hans og ta på han og dei såg han forsvann for dei, for så komma tilbake og til slutt forsvinna heilt, når Han for opp at til Far sin, den levande Gud i himmelen.

Men Jesus er her fortsatt i Den Heilage Ande, som dei som trur fekk på pinsefestens dag, første gangen. Og fortsatt vil kvar den som trur på Jesus og fortel Han at vedkommande trur på Hans liv, død og oppstoda og ber om å få Den Heilage Ande få oppleve det same i dag. For trur du i dit hjarte at Jesus er Guds Son, så be til Han og du skal bli frelst, som det står:

Romarane 10.9 -10
9. For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst.
10. Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste.

Johannes 3.16
For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Skrive av: LARS

Bla gjennom: