Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn

Kristen Tru

Kristne tekstar og vitnesbyrd

Her vil det bli lagd ut tekstar, film m.m. med kristent innhald.

Denne kategorien er uavhengig det andre innhaldet, her på Linuxlars

Under kan du bla gjennom nokre tekstar eg har skrive og det vil om kort tid komme meir utfyllande innhald, også i denne kategorien.


Fri

Bli fri i Kristus Jesus


Kategori: Kristen Tru

Publisert: 13. september 2019 19:05

Korleis vil eg forklare nærmare her og du er fri til vele om du vil lese det.

Først og fremst føler eg meg fri kjøpt i trua på Jesus. Å komme til tru på Han har gjort meg meir fri, glad og gjeve meg eit betre liv, enn eg nokon gong hadde tenkt ville vere mogleg for meg. Tidlegare så levde eg eit ganske så anna liv. Utan å komme for mykje inn på det, så kan eg vel seie så pass at eg levde eit stressande og syndefullt liv.

Etter ei hending der det stod om livet og fekk oppleve at det var namnet Jesus som både redda meg og gav meg ein ny start, vart det meste forandra. For etter det har eg aldri vore i tvil. Eg vart overtydd. Samtidig opplevde eg at Gud er til stades i liva til oss som trur på Jesus. Og det gjer Han med Den Heilage Ande.

Den Heilage Ande er vanskeleg å forklara for personar som ikkje trur. For det er Gud som openberrar seg i deg, med Den Heilage Ande, når du kjem til tru på Jesus. Difor kan ein aldri forstå eller fatte kva og korleis det er å komme i kontakt med Gud, gjennom Den Heilage Ande. Vist ein ikkje først trur på Jesus.

Det er det som er nøkkelen, å tru på Jesus. Og då er det ikkje nok å tru eller tenke på Jesus som ein vanleg person. Ein må ta innover seg at Han kom til jorda, i eigenskap av å vere Guds einborne son. Jesus var fødd av jomfru, Maria som vart gjort svanger av Den Heilage Ande. Og Han levde blant sine samtidige utan å gjere synd eller feil. Slutten på Jesu jordiske liv var når Han vandra til Jerusalem for å ta straffa for alle dei som kjem til tru på Han. Der vart Han arrestert, torturert, krossfest og døyde.

Men fordi Han var Guds einborne son og utan synd, sigra Han over dauden og stod opp att, tredje dagen. Etter det så viste Han seg først for Maria Magdalena, så for dei tolv disiplane som hadde følgd Han, og etterpå for mange fleire. Etter 40 dagar steig Han opp til den himmelske Far og Gud, det gjorde Han i ei sky.

Etter det kom Den Heilage Ande til dei som vart samla i trua på Jesus.

Fortsatt er Den Heilage Ande her, blant oss. Kvar og ein som trur at Jesus er Herre og stadfester trua på Jesus, med ord. Får oppleve dette.

Dette er reelt. Eg har opplevd det i mitt liv og fleire millionar andre har opplevd Gud i sitt liv, når dei har komme til tru på Jesus.

Etter kvart som åra har gått, har eg også akseptert, fullt og heilt; at eg aldri kjem til å skjønne og forstå alt. Eg har akseptert at som menneske er eg under Gud og at dei einaste eg kan gjere er å godta ordet frå Gud. Og prøve å leve etter det.

Ordet frå Gud finn ein i Bibelen. Etter kvart som ein aksepterer at Bibelen er meir enn ei vanleg bok, at det er Guds Heilage ord. Har eg opplevd at livet mitt er blitt rikt velsigna.

Det er mykje meir å seie om dette, men eg har berre denne korte bodskapen som eg håper at du kan ta innover deg: Jesus er Guds son.

Tru på Jesus og sei det med ord, så vil du også få oppleve frelsa frå Gud.

Skrive av: LARS

Framføring av teksten "Fri"

Bla gjennom: