Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn

Kristen Tru

Kristne tekstar og vitnesbyrd

Her vil det bli lagd ut tekstar, film m.m. med kristent innhald.

Denne kategorien er uavhengig det andre innhaldet, her på Linuxlars

Under kan du bla gjennom nokre tekstar eg har skrive og det vil om kort tid komme meir utfyllande innhald, også i denne kategorien.


Ei juleoppmoding

Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han gjer seg skuldig i synd


Kategori: Kristen Tru

Publisert: 10. desember 2019 08:08

Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han gjer seg skuldig i synd.

Jakob 4:17

Dette verset er skrive av Jackob, det er eit vers eg har tenkt på mange gonger, når eg har vore oppi ulike situasjonar i livet; « Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han gjer seg skuldig i synd». Å vere likegyldig til sine medmenneske i naud er ei synd, når ein har moglegheit til å hjelpe. Å ikkje hjelpe din neste er ei synd, vist du har moglegheit til å hjelpe, men let vere å gjere det.

Moderne media kan få oss til å verta likegyldig til våre medmenneske. Fordi me er blitt vand med å sjå menneske i naud. Via Internett, tv, radio og aviser har ein gjennom dei siste to hundre åra gradvis vend oss til å lukka kjenslene for menneske i naud.

No er det faktisk komme så langt at mange blant oss dagleg ser levande bilde av vald. Dette gjer noko med menneske.

Mange leve eit liv meir eller mindre i ein konstant virtuell røyndom, med lyd og bilde påverknad frå ulike teknologiske apparat heile tida. Om det er tv eller mobil er mykje det same. Desse ulike apparata gjer det uansett vanskeleg å sjå din neste, fordi du fokuserer på ein konstruert røyndom.

Faktisk er det allereie komme så langt at mange unge i dag slit med einsemd, på grunn av at ein ikkje har normal medmenneskeleg kontakt, i like stor grad som tidlegare. Småbarnsmødrer får beskjed om å leggje vekk mobilen og sjå på babyen, når dei er på småbarns kontroll.

Fleire og fleire kommersielle og politiske aktørar tek i dag bruk denne teknologien for å påverke deg og dine til å gjere det dei ønskjer. Mange let seg overvake og kontrollere kvar einaste dag. Då skal ein vite at ingen overvaker deg utan at dei har ei målsetjing med å overvake deg og den er ikkje til din fordel. Dette skjer diverre i dykkar eige liv og i liva til alle dykk er glad i.

Sjølv jobbar eg med teknologi og eg ser tydleg alle desse farane som eg oppleve at mange ikkje forstår, men likevell let seg påverke av dagleg.

Viss eg ikkje opplyse dykk om dette, vill eg gjere ei synd. Fordi eg veit kva godt eg bør gjera, eg må fortelje om det eg forstår, slik at også de andre kan forstå det og ikkje la dykk bli utnytta.

No går me mot jul, snart skal me nok ein gong feira Jesu fødsel saman med familien. Mange av oss skal feire jul saman med familiemedlemmar ein ikkje er ser dagleg. Heldigvis er det lett å halde kontakt med dei langt unna i desse dagar. Me har både mobil og videosamtale. Slik kan ein både høyre og sjå våre kjære sjølv om avstanden er stor.

Teknologien har også mange fordeler og gode eigenskapar. Ein kan sjå på eit teknologisk apparat, til dømes mobiltelefonen, som eit verktøy. Og som dei aller fleste verktøy kan ein bruke den til gode eller dårlege ting.

Ta til dømes ein hammar, med den kan ein slå spiker inn i trevirke og bygge hus. Eller ein kan slå eit menneske med same hammar og skade den personen. Då vert eit anna menneske skada på grunn av korleis du brukte hammaren. Sjølv må du kanskje i fengsel og får store problem i ditt eige liv. Kanskje vert livet til dine, og vedkommande person du slo med hammaren sine, nærmaste også skadelidande. I motsett tilfelle kunne du ha bygd hus og skapa noko godt og bede vedkommande person på middags-besøk saman med familien, når huset var ferdig.

Ein hammar og alle andre teknologiske og tradisjonelle verktøy kan nyttast til gode eller dårlege ting, det er opp til den som tek det i bruk. Likevell treng ein ikkje gå rundt å spikre kvar dag, det kan også vere godt å gjere noko anna.

No lurer dykk kanskje på kvifor eg omtale teknologi i samband med julehøgtida, det skal eg forklare:

Når me no skal samlast med familien våre denne jula, ha følgjande i tankane: «Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han gjer seg skuldig i synd.»

Inkluder alle i familien no i jula, slå av tv’en og radio’en, legg bort mobilen, nettbrett og pc. Snakk saman, ver saman og del den gode julebodskapen. Fortel om Jesus, spesielt til ungane som ikkje får høyre evangelisering på skulen. Vis omtanke og nestekjærleik

Ikkje ver redd for å be ungane eller barnebarn om leggje vekk mobilen når ein endeleg er saman. Mange unge vill kanskje protestere litt i starten, men la dei få oppleve eit godt medmenneskeleg fellesskap når ein er samla i jula.

Å ikkje seie at no treng me å vere saman utan at alle sit med mobilen eller ser på tv, kan øydeleggje det gode fellesskapet ein er samla for å oppleve.

Når ein veit at ein burde seie noko, men ikkje gjer det vert ein; «Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han gjer seg skuldig i synd.»

Jesus sa alltid det som rett var og som kristne skal me også yte vårt for å følgje de same gjerningane som han har vist oss.

Å tie er ikkje alltid det rette, for av og til må me stå opp for det som er rett. Kven skal elles gjere det? Om ikkje me som trur?

Difor oppmodar eg kvar einskild til å gjere det gode denne jula og ta initiativ til ei «teknologi og medie fri julefeiring saman med familien.»

Ønskjer alle ei velsigna god jul.

Skrive av: LARS

Bla gjennom: