Trygg og kreativ formidling
KULTUR FOSS KRISTEN TRU Logg inn

Kultur

Norsk bygde, fjord og kyst -kultur

Kulturhistorie frå Vestlandet, med fokus på bygder langs fjord og kyst.

Under her kan ein finne fleire innlegg. Tekstar eg har skrive sjølv, i blogg - format eller meir tradisjonelle tekstar om konkrete bygg, stader m.m.


Fresvik

Ei fantastisk flott bygd


Kategori: Kultur

Publisert: 15. november 2019 08:12

I samband med at eg har gjort ein del arbeid med å digitalisere samlinga på Kristianhus, er neste steg blitt å samle inn maritim historie frå Vik. Det er eg komme i gang med, i sommar laga eg blant anna ein video reportasje med intervju av Sigvart Røyrvik om «Frakte og agentfart i Arnafjord». Og til no har eg fått samla inn ein del informasjon om Arnafjord og Vikøyri.

Samtidig veit eg at det er mykje meir ein kan samle saman. No prøver eg også å få meir oversikt over i austleg retning av Vik kommune.

Torsdag 14 november gjekk turen til Fresvik, for å sjekke denne bygda nærmare og for å ta nokre bilde.

Først vart det ein liten stopp i Fritjov parken for å ta oversikts-bilde av moderne maritim samferdsle som snart vert enda meir moderne, når ein får elektriske ferjer.

Neste stopp vart Feios Osen. Dette har tidlegare vore eit knutepunkt for all reise til og frå Feios. Fortsatt finn ein kaien som tidlegare var nytta til dampskipskai og etter kvart kai for diesel drivne rutebåtar. I dag er det fortsatt drift i den lokale landhandelen i Feios. Her fekk eg også teke nokre bilde. Begge stadane, Vangsnes og Feios er naturskjønne og interessante. Eg har vitja desse stadane fleire gonger tidlegare og kjenner eigentleg godt til dei, etter kvart.

Eg har og vitja Fresvik tidlegare, men berre nokre korte augneblink. Eine gongen var det mørkt og ein annan gong svinga me av, før me kom til sjølve «sentrum» i bygda.

Ein tredje gong køyrde eg forbi i båt og den gongen tok eg nokre video klipp og bilde, med mobil. Sjølv om eg var for langt i frå land, når eg køyrde forbi i båt, til å sjå mange detaljar, såg eg likevell at det var ein vakker stad. Etter det har eg lenge tenkt at til Fresvik må eg dra, slik at eg kan sjå denne bygda nærmare.

Eg kjenner jo litt til historie om bygda, på Kristianhus er det fleire båtar og motorar med historie som er teke vare på frå desse tre bygdene. Likevell er det Fresvik eg har merka mest, når eg har gått gjennom arkivet til Kristian Otterskred’s Motorsamling. Årsaka til det er at denne bygda er representert med fleire båtar og motorar, der ein har vore flink til å skrive ned tilhøyrande historikk.

I forkant av denne turen fekk eg og også vite at i Fresvik står det eit notnaust som det var verdt å sjå.

Etter fleire månader, med tanken at ein dag skal eg ta turen til Fresvik, kom endeleg dagen. Saman med ein kjenning, køyrde me eins ærend, for å sjå nærmare på kva ein kunne finne i denne vakre bygda. Denne gongen for å få litt oversikt over tilhøva og ta bilde. Det er no blitt midten av november og i Fresvik var det ikkje mykje sol å sjå denne dagen. Sjølv om det var ein klar og solrik dag. Årsaka var dei høge fjella som omgir bygda.

Likevel var det absolutt verdt køyreturen.

Eg har besøkt fleire fine stader her i Sogn etter kvart, men Fresvik er i særklasse. For sjølv om sola ikkje var synleg, så skein denne unike og vakre bygda av seg sjølv. Eg har faktisk ikkje vore nokon annan stad som kan samanliknast.

Kombinasjonen av fjord, høge fjell, fine tradisjonelle bygningar saman med landskap som er godt vareteke, gjer dette til ei autentiske fjordbygd. Her finn ein og fungerande kaianlegg og landhandel, vist ein kjem sjøvegen. Alt dette saman med norsk landbruk og bringebær-felt, gjer Fresvik til ein heilt særeigen stad.

Når bygda er så vakker ein kald november dag, tenkjer eg at dette må vere ein av dei vakraste stadane i verda.

Når det gjaldt maritim fjordkultur kan ein seie at Fresvik er i ei særstilling, i alle fall etter mi oppfatning. Ikkje berre har ein teke vare på eit av svært få notnaust som står at, etter ei stor og viktig næring, med ein særdeles lang historie. Ein har også vareteke mange andre naust og bygningar, i strandsona, på ein svært god måte.

Bygda ligg også i tilknyting til Verdsarv området i Sognefjorden.

Også dei byggingane som er av nyare dato, harmonerer med resten. Her er det, heldigvis, ingen stygge funkis bygg med undermåls arkitektur. Akkurat det er noko som har øydelagt mang ei flott bygd, i nyare tid.

Her er alle bygg i tradisjonell stil som passar godt inn i den vakre naturen. Å marknadsført denne fantastiske bygda betre ovanfor tilreisande i kommunen, har openbart eit svært stort potensiale.. For denne bygda er så pass vakker og unik at det i seg sjølv er ein attraksjon. Eg vil tru at, til dømes, turen hit med båt frå Vik er noko mange ville betalt for, vist tilbodet var der.

Denne bygda gjorde eit særleg inntrykk og her skal eg tilbake fleire gonger, for det var fleire motiv enn eg fekk tid til å ta, i denne omgang.

Legg ved nokre bilde frå Fresvik, teke 14 november 2019. Ved seinare høve kjem eg til å ta fleire turar hit og ta mange fleire bilde. Utan tvil.

Skrive av: LARS

Bla gjennom:


Kultur

Emne

Her er kulturhistoriske tekstar, skrive av meg sjølv eller andre, samla saman i ulike emne.

Bygg

Alle typar bygg, bygningar, monument

  • Stortinget
  • samlignstad langs naustrekka på Vikøyri

Stad

Bygder, gardar, små og store stader

  • Vikøyri
  • Sentrum i Vik kommune og området rundt.

Fjord -kultur

Kulturhistorie frå fjorden

Taterbåten

I samband med prosjektet "Taterbåten" på Kristianhus, vert det jobba med å samle inn informasjon om dei reisande. Dette vil etter kvar bli lagd ut her.

Skomakarverkstaden

Les intervju og bilde frå livet og verksemda til skomakaren Johan Andersen i Vik